Aktuelt-arkiv

  • Konferansen Topic Maps 2008 er akkurat avslutta og den slutta med ein paneldebatt om framtida for emnekart.

  • Professor Tor Fredrik Rasmussen, prof. emeritus i samfunnsgeografi ved UiO, hevda i eit intervju med Aftenposten 29.06.2007 at byar er meir miljøvennlege enn distrikta mellom anna fordi det er langt større utslepp av klimagassar pr. person i distrikta enn i byane. Forskingsleiar Erling Holden skriv i eit tilsvar i Aftenposten at professor Rasmussen er på ville vegar med påstandane sine.

  • Røyken har etter kvart lagt seg etter bråket om ISO-godkjenning av Microsofts OOXML-format. Men den avgjerande aktøren i den norske behandlinga har ikkje gitt lyd frå seg. Kan Standard Norge vera vennleg og reisa seg og forklara kva som skjedde?

  • Tema eg vil ta opp er brukarvennelege offentlege tenester og ei utfordring for Miside. Brukarvennlege nettenester har vore fagleg tema for fleire prosjekt i både offentleg og privat sektor på Vestlandsforsking over fleire år. Mellom anna i arbeid med å utvikle indikatorar for å måle kvalitet på alle norske offentlege nettenester og for reiselivsportalar. Men dette blogginnlegget gjeld ei fersk privat erfaring med tenester.

  • Vestlandsforsking er i same situasjonen som mange andre små verksemder: Me skulle gjerne hatt eit enkelt arkivsystem tilpassa vårt behov.

  • I aprilnummeret av "Forskerforum", tidsskriftet for Forskarforbundet, har eg eit lesarinnlegg med kommentar til debatten rundt Snåsa-mannen. Dessverre har ikkje Forskerforum lagt ut innhaldet på nettet, så i staden for å lenka til innlegget, gir eg det att her.

  • ... vivere non est necesse (å segla [navigera] er nødvendig, å leva er ikkje).
    Losen er viktig for å unngå grunnstøyting og Los er i denne samanhengen ein vegvisar for offentlege tenester.

  • NOKIOS - Norsk konferanse for offentleg sektor - vart arrangert for første gang forrige veke. Det var NTNU som var vertskap og konferansen vart halden i Trondheim. NTNU har planar om ein årleg konferanse for IT i offentleg sektor, og den skal sjølvsagt vera i Trondheim. Eit av hovudtema på konferansen var arbeidet med ny felles IT-arkitektur for offentleg sektor (FAOS).

  • Nettverksorganisasjonen har blitt kalla framtidas organisasjonsform. Dette er ikkje utan grunn. Nettverk har i mange samanhengar vist seg som ein effektiv måte å arbeide og samarbeide på både for individ, organisasjonar og bedrifter. IT-teknologi – særleg Internett – har bidrege vesentleg til utviklinga. I Sogn og Fjordane har det vokse fram ei rekkje sterke nettverk med mål å auke graden av innovasjon. Kanskje på grunn av næringsstruktur og spreidd geografi har det vore behov for og vilje til å ta i bruk nettverk som verkemiddel for verdiskaping og økonomisk vekst.

  • Innanfor forskingsområdet ”Brukarvennlege IT-system” har vi som namnet seier mykje fokus på ny informasjonsteknologi i bruk. Vi kjem ofte innom omgrepet Web 2.0 og ulike element i denne store samlinga av verktøy som Web 2.0 omfattar. Nokre av dei er har blitt nesten uunnværlege i dagleg bruk. Men det finst også uheldige sider ved desse nyttige verktøya.

  • Vestlandsforsking har i lenger tid vore involvert i eit bedriftsutviklingsprosjekt i INC Gruppen i Florø. Det handlar om å involvera dei tilsette meir, utnytta kunnskapen deira betre og få alle tilsette til å vera «litt seljar». På it-sida handlar det om intranett og personalsystem (Human Resource Management System, HRMS/HRIS).

  • Parkeringsordninga ved Fosshaugane Campus er miljøfiendtleg!

  • Eg har blitt hekta på søppel den siste månaden! Innhaldet har eg ikkje sett nærare på, men kanskje eg skal utvikla interessa framover... me får no sjå. Søppel i epost, spam, er eit stort problem. Det finst mange måtar på prøva å redusera søppelmengda, men felles for alle metodane er at dei ikkje er heilt sikre. Verre enn at søppel blir sleppt gjennom filtera er det at normal e-post blir merka som søppel. I det følgjande vil eg beskriva resultatet av ein månads observasjon av søppel i e-post.

  • "Crowdsourcing" er ein sentral del av web 2.0-ideen og er ein vri på "outsourcing". I staden for å setja arbeidet bort til ein ekstern leverandør, blir arbeidet sett ut til heile folket. Ein digital dugnad med andre ord.