Stakkars bestemor!

Tema eg vil ta opp er brukarvennelege offentlege tenester og ei utfordring for Miside. Brukarvennlege nettenester har vore fagleg tema for fleire prosjekt i både offentleg og privat sektor på Vestlandsforsking over fleire år. Mellom anna i arbeid med å utvikle indikatorar for å måle kvalitet på alle norske offentlege nettenester og for reiselivsportalar. Men dette blogginnlegget gjeld ei fersk privat erfaring med tenester.

Eg minnest svakt at eg var nyfiken og logga meg inn på tenesta for eit par år attende. Då var det  blest i media om Noreg.no og den nye tenesta MiSide. Mine nye innloggingskodar kom med skattekortet. Der var lite innhald då og det blei med den eine innlogginga.

Eg har sjølvsagt gløymt passordet (8 teikn) sidan det er over eit år sidan den eine gongen eg logga inn. Kva er det då naturleg å klikke på? Jau, knappen for gløymt passord. Det gjorde eg i går og ingenting skjedde. Eg la så inn personnummer og klikka igjen. Igjen skjedde det ingenting. Eg valde så opprett ny brukar og oppdaga at dei ville ha meg til å hente pinkodar - ikkje berre frå det siste skattekortet, men også frå det gamle skattekortet frå 2006. Det kortet er sjølvsagt no arkivert i det store arkivet. Men eg la inn det eine eg hadde og klikka håpefullt utan resultat. Eg opna hjelpefunksjonen, men den informasjonen var ikkje til mykje hjelp. Eg ringde så 800-nummeret, men dette var rett etter kontortida (kl 1600) og telefonsvararen maste om nettsidene eg sjølvsagt kom ut frå.

Då la eg egget og klikka på gløymt passord ein gong for mykje -ein tredje gong. Resultat:
” Etter 24 timer kan du prø å logge inn igjen.”- Genialt…

(Skrivefeilen i sitatet er denne gongen ikkje mitt verk)

Underteikna kjenner fleire, også enkelte IT-forskarar, som når dei klikkar på ein knapp og ingenting skjer, automatisk vil klikke to-tre-fire gongar til på same knappen før dei forbannar systemet og gir opp.

Eg innrømmer gjerne at måten eg handterte nettenesta på, i farten kanskje ikkje var ”korrekt” framgangsmåte, men stakkars bestemor som skal prøve dette…


Mvh
Øyvind Heimset Larsen
Førebels frustrert utestengd brukar av offentlege tenester på nett