Emnekart framover
Konferansen Topic Maps 2008 er akkurat avslutta og den slutta med ein paneldebatt om framtida for emnekart.
Dato:
15.11.2006
Emnekart (Topic Maps) vart utvikla av amerikanaren Stephen Newcomb i 1991 og vart ein ISO-standard for kunnskapsorganisering i 2001. Sidan 2001 har standarden hatt ein veldig utvikling særleg i Norge, og framfor alt i offentleg sektor som semantisk rammeverk for nyare portalar.
Men emnekart er veslebroren i semantisk web-samanheng, det er W3C sin RDF/OWL-standard som er dominerande. Spørsmålet på Topic Maps 2008 var korleis emnekart kan og skal ta steget vidare og veksa internasjonalt. Eg har lansert nokre forslag på min eigen blogg:
- bruka portalar som "brekkstang" fordi emnekart har vist seg spesielt godt eigna her
- utvikla lettvekts, opne emnekartløysingar på områda emnekart-motor, modelleringsverktøy og publiseringssystem
- utnytta og integrera med web 2.0-utviklinga
- framheva fletting og utvikla betre eksempel
Meir om dette på http://sveino.blogspot.com