Navigare necesse est..

... vivere non est necesse (å segla [navigera] er nødvendig, å leva er ikkje).
Losen er viktig for å unngå grunnstøyting og Los er i denne samanhengen ein vegvisar for offentlege tenester.

Historia om Los går 15 år tilbake og starta med ein ide i Statens informasjonsteneste om å binda saman statleg og kommunal informasjon ved hjelp av livssituasjonar - LivsIT. Ideen var god, men utføringa var slett var evalueringsdommen frå Vestlandsforsking i 2003 (( VF-rapport 3/2007 ). I 2005 vart prosjektansvaret overført til Norge.no og arbeidet med eit nytt LivsIT tok til. Dei svake sidene ved LivsIT vart forsøkt retta på samtidig som kjerneideen vart oppretthalden ( VF-rapport 2/2005 ). Det nye systemet fekk namnet Los .

Los er ei liste med emneord som karakteriserer offentlege tenester. Til emneorda er det knytt ein tematisk struktur og det er også mange hjelpeord knytt til emneorda. Bergen og Trondheim var pilotkommunar for systemet i 2007 og seinare har mange andre kommunar følgt etter.

Men Los har mangla støtte og trykk til å få skikkeleg gjennomslag. Det blir det forhåpenlegvis ei endring på no når sentrale personar og initiativ i Difi er kopla til Los. Det er tydeleg at Los passar godt inn i det nye arkitekturforslaget for offentleg sektor (FAOS) og at det på den måten blir lettare å selja inn.

På eit møte i Difi 26.03.09 vart me utfordra til å visa Los i praksis ved å visa eksempel på ein kommune som har teke i bruk Los og ein kommune som ikkje har gjort det. Det er eit eksempel me ikkje har tenkt så mykje på tidlegare, men som er heilt opplagt. Det var difor oppløftande å sjå at det første forsøket me prøvde, Bergen samanlikna med Oslo, tydeleg demonstrerte fordelen med Los.

Bergen kommune brukar Los, og dersom me søker på ordet 'søppel', er søkeresultatet eksemplarisk ved at det tydeleg viser til 'renovasjon' som det gjeldande begrepet og viser den sentrale informasjonssida for denne. Kanskje kunne den visuelle delen vore endå betre, men innhaldsmessig er dette veldig bra.
Søk på www.bergen.kommune.no

Same søket på Oslo kommune, som ikkje brukar Los, returnerer søppel i ekte forstand. Her er det likt og ulikt, inga kategorisering og relevansen er elendig. Dei fleste treffa gjeld også fleire år gamle artiklar.

Søk på www.oslo.kommune.no


Dersom me i staden brukar søkeordet 'boss', vanleg for søppel i Bergen, blir resultatet endå meir overtydande. På Bergen kommune sine nettsider blir me framleis leia til renovasjonssida, medan resultatet av søket på Oslo sine nettsider ikkje har noko som helst med søppel, avfall eller renovasjon å gjera. Total skivebom!