Kunnskapsbedriftene

Vestlandsforsking har i lenger tid vore involvert i eit bedriftsutviklingsprosjekt i INC Gruppen i Florø. Det handlar om å involvera dei tilsette meir, utnytta kunnskapen deira betre og få alle tilsette til å vera «litt seljar». På it-sida handlar det om intranett og personalsystem (Human Resource Management System, HRMS/HRIS).

15. august i fjor opna Heidi Grande Røys «Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare». For dei av dykk som ikkje kjenner begrepet «fri programvare» så handlar det om programvare som du sjølv har kontroll over, som er kostnadseffektiv og som ofte er resultat av ein open samarbeidsprosess. Fornyingsdepartementet har saman med mange andre siste året oppdaga at dette er gode greier, og har planlagt å støtta senteret med 4 millionar kroner i 2008.

Som for andre ikt-område så finst det eit mylder av frie programvareløysingar som kan brukast til å handtere it-utfordringane i INC-prosjektet – og INC Gruppen har ikkje tenkt å ta eit einaste av dei i bruk – men det er ikkje poenget her.

Poenget er at fri programvare-rørsla og -industrien står for ein «ny» måte å jobba og organisera seg på. Det er særs utfordrande å driva eit selskap som skal tena pengar på å utvikla programvare som ikkje berre blir gjeven bort, men som kven som helst andre kan ta over å gje bort like enkelt. Det handlar om kunnskap, utan den kunnskapen som utviklarane i bedriftene bak fri programvare sit på er dei null verdt, og klarar dei ikkje å utnytta han effektivt, blir dei null verdt. Samstundes handlar det om arbeidsformer, samarbeid og kommunikasjon. Alt dette er slikt me står overfor når me er med på å «utvikla» INC Gruppen.

Fri programvare har lenge vore dominerande på vevtenarar, i 2007 vart noko av den mest populære forbrukarelektronikken i USA køyrd på fri programvare (iPhone, Asus Eee, Nokia Internet Tablet), og staten fekk verkeleg augo opp for fri programvare. Er du klar for 2008?