Aktuelt-arkiv

  • Ja, eg samtykker og trykker Neste i det eg installerer nærast eitkvart program på datamaskinen. Dei fleste som har innstallert eit program på ein maskin kjenner seg sikkert igjen, men kva er det eg eigentleg samtykker i?

  • Funnet og tolkinga av fossilet "Ida" er ein sensasjon verda rundt. Den norske forskaren Jørn Hurum står i spissen for arbeidet og han har valt å publisera artikkelen i eit tidsskrift med open tilgang (Open Access).

  • Post- og teletilsynet (PTT) si opning for at private aktørar kan krevja utlevert brukaridentifikasjon av nettleverandørane, representerer ei farleg nettutvikling. Ei utvikling der politikarane synest å ha innteke stillinga som passive tilskodarar i beste fall, i verste fall har dei ikkje peiling på kva som føregår.

  • SINTEF har nyleg utarbeida rapporten eBorger 2.0 for Fornyings- og adm.dep. der dei tek for seg spørsmålet om brukargenerert offentleg informasjon. Spørsmålet er altså korleis brukarane eller innbyggjarane kan delta på ein slik måte at dei også skaper ein del av innhaldet på offentlege nettstader – også kalla delingskultur. Inntrykket mitt av rapporten er at den er skuffande overflatisk og lettbeint på dette viktige området.

  • Alle som driv ein nettstad har ei eller fleire gullårer. Dessverre blir desse i liten grad utnytta. Me snakkar sjølvsagt om brukarstatistikk.

  • Gjermund Lanestedt etterlyste i forrige nr. av Computerworld ein debatt om web 2.0 og konsekvensane for samfunnet. Eg har sendt dette innspelet til Computerworld, men i tilfelle det ikkje skulle bli teke inn, kan me jo bruka web 2.0-teknologien til å publisera det sjølve. Det er vel det web 2.0 inst inne handlar om. Dessverre er det ikkje muleg å finna Gjermund sitt innlegg på Computerworld for å lenka til det; der må CW skjerpa seg!

  • Ei av dei viktigaste endringane på nettet er utviklinga av opne grensesnitt (API) for utveksling av data. Gjennom slike grensesnitt kan data hentast ut utan å gå via nettsidene til tilbydaren. Dette er ei viktig utvikling for offentleg sektor som har store datamengder å dela, og det bør lagast retningslinjer og planar for denne typen opne grensesnitt.

  • Vestlandsforsking har gitt kr 10 000,- i støtte til Wikipedia og spørsmålet er kvifor akkurat Wikipedia?

  • Kommunane i Sogn og Fjordane har brukt mykje ressursar på kartportalar. Eg vil påstå at mykje av det er bortkasta pengar og at arbeidet med nettbaserte kart må gjerast på nytt. Stikkorda for feilsatsinga er mangel på brukarvennlegheit og kontekst.

  • I følgje digi.no er dette ingen god kombinasjon. Norske forskarar er sinker når det kjem til blogging. På Vestlandsforsking prøver me å motbevisa dette. Eg er ikkje heilt sikker på om me har klart det..

  • Semantisk web og semantiske teknologiar har vorte spådd ei stor framtid i mange år, men det er framleis langt fram for eit eventuelt gjennombrot.

  • NRKbeta tek eit langt steg vidare og utviklar nytt intranett saman med brukarane.

  • Korleis fri programvare kan løyse problem, sjølv om det ikkje nødvendigvis er lagt opp til det.

  • Sverre Andreas Lunde-Danbolt lanserte begrepet Altut i eit innlegg i Aftenposten i november i fjor. Altut er sjølvsagt motstykkjet til innsamlingsportalen Altinn. Ideen er at frislepp av offentlege data vil både styrka demokratiet gjennom meir openheit.

  • Rådgivar innan søkemotor-optimalisering, Jill Whalen, tek i siste nyheitsbrev frå firmaet sitt HighRankings for seg den tiårige historia til bransjen.

  • Europeana er ein portal med tilgang til kulturobjekt frå heile Europa. I løpet av 2010 skal Europeana ha informasjon om meir enn 10 mill. kulturobjekt.