Aktuelt-arkiv

  • Liv Signe var styreleiar ved Vestlandsforsking frå 1999 til 2005.

  • Obamas IT-sjef heiter Vivek Kundra. Han lanserte nyleg "IT-dashbordet" der data om it-prosjekt er tilgjengelege for alle, på ein enkel måte.

  • Norge.no spesielt, og offentlege nettstader generelt, får juling i eit innlegg i Aftenposten 23.08.07. Offentlege nettstader må bli meir brukarorienterte og lettare å finna fram i, meiner informasjonsrådgivar Knut Natvig. Det er særleg søketenestene som sviktar, meiner han.

  • I fleire av prosjekta våre støyter vi på problemstillinga om korleis den interne portalstrukturen/nettsidestrukturen heng saman med ei stikkord- eller emneord-basert tilnærming. Dette er mellom anna svært aktuelt i prosjektet Los som DIFI/Norge.no er ansvarlege for og som Vestlandsforsking har hatt ei sentral rolle i utviklinga av.

  • Oppstanden i Iran etter valet nyleg har gjort den sosiale veven vaksen. Framfor alt er det tenesta Twitter som står fram som ein av dei viktigaste kanalane for informasjon ut og inn i landet.

  • Kvalitet 2009 markerer den 9. evalueringa av offentlege nettsider og den første med ei skikkeleg involvering av nettstadeigarane før start.

  • Mange av som jobber til dagen med klimaforskning ble nok litt skremt da vi fikk presentert den siste rapporten fra FNs klimapanel. Hvis vi ikke klarer å snu utslippstrenden innen 2015 kan det være for sent! Da kan vi det neste hundreåret gå inn i et klima med like stor endring i temperaturen som under siste istid; men altså med motsatt fortegn: + 4 grader celsius. Med et slikt utgangspunkt blir avstanden til fiaskoen med ”klimatilpassingsbåten” mellom Leikanger og Sogndal veldig merkelig.

  • Underteikna forvilla seg til Sogndal i august 2000. Mykje på grunn av ei traineeordning som NHO Sogn og Fjordane tok initiativ til. Dette var ei satsing på å få attende ungdom med utdanning. Det var sett av midlar som særleg skulle få kvinnene attende . Vi var klart flest gutar i det vesle kullet, fornøyeleg nok.

  • I fjor haust vedtok Vestlandsforsking å kutte ut fasttelefonen og gå over til å berre bruke mobiltelefon. At mobiltelefonar er strålande apparat både funksjonelt og med omsyn til radiobølgjer har vore eit særs omtykt emne i media. Som regel er det funksjonaliteten media er opptekne av (i det siste særleg Iphone og Google Android), men eit tema som dukkar opp med jamne mellomrom er om mobiltelefonar er farlege fordi dei gjev frå seg radiobølgjestråling.

  • 31. desember var eg for sein... Denne gongen var det eg personleg som ikkje rakk fristen, og i motsetnad til korleis det kan vera på jobb så sparte eg pengar i staden for å gå glipp av dei.

  • Vi kunne gratulera vevtenesta vår med eittårsdagen 15.12.07, forresten 3 dagar før Miside. Sidan eittårsdagen nesten fell saman med årsskiftet er det naturleg å gjera opp status for året. I tillegg ville det vore interessant å høyra kva du synest om nettsidene.