Hekta på søppel

Eg har blitt hekta på søppel den siste månaden! Innhaldet har eg ikkje sett nærare på, men kanskje eg skal utvikla interessa framover... me får no sjå. Søppel i epost, spam, er eit stort problem. Det finst mange måtar på prøva å redusera søppelmengda, men felles for alle metodane er at dei ikkje er heilt sikre. Verre enn at søppel blir sleppt gjennom filtera er det at normal e-post blir merka som søppel. I det følgjande vil eg beskriva resultatet av ein månads observasjon av søppel i e-post.

Årsaka til søppelinteressa er at VF ei stund har abonnert på ei teneste i Danmark som fjernar det mesta av søppelet som kjem til serveren – problemet var at den og fjerne meldingar som ikkje var søppel med det resultat at epostar ikkje nådde rett mottakar og eg vart kasta ut av ulike faglege epost-lister.  Det var berre systemansvarleg som kunne overvake om noe var feilsortert – og det har ikkje systemansvarleg hjå oss kapasitet til, forståelig nok.  I slutten av januar fekk vi derfor slått av denne tenesta, og dermed kom interessa for å følgje litt med – kva mengder med søppel er det snakk om? Kor sort blir problemet for meg som brukar?

Eg starta derfor å registrere kor mange meldingar som var adressert til meg eller lister eg er med på, og som er sortert ut i dei  søppel-filtera som eg har tilgang til. Søppelet blir sortert i 3 katalogar; ein katalog som ligg på epost-serveren og to katalogar som den lokale epostklienten min Eudora filtrerer meldingar til. Tal meldingar vart notert kvar morgon i samband med sjekk av eventuelle feilsorteringar siste døgnet og samtidig fekk eg sletta unødvendige data.

Vi har hatt søppel-filter på serveren lenge, men fordi mange ikkje tømte postboksane sine fylte det seg opp sjølv om serveren sletta gamle meldingar etter ein månads tid.  No har eg altså hatt full kontroll på eige søppel igjen.

Under er ein oversikt over tal meldingar filtrert ut gjennom dei ulike filtera.  Eg ser eg gjerne skulle hatt enda fleire data, men eg har berre registrert tal meldingar sletta frå kvar katalog ein gang om dagen, og har eg gløymt ein dag så har eg fordelt avlest likt ut på dagane som har gått sidan sist avlesing.

Søppel-epost

Statistikken for februar viser at 2170 meldingar er filtrert ut som søppel. Gjennomsnittleg kjem det 75 søppelmeldingar kvar dag (variasjon frå 44 til 137). Det er langt fleire enn dei 501 meldingane som framleis er i innboksen og ulike arkivfoldarar.  Det eg merker eg gjerne skulle hatt oversikt over i tillegg, er kor mange feilsorterte meldingar det har vore – kor mange er sortert som søppel som ikkje er det – kor mange må eg merke som søppel, men det trur eg vert for komplisert.  Ein anna ting eg og har lagt merke til er at eg får søppel frå meg sjølv og andre epost-adresser eg har ansvar for.

Eudora tilbyr også ein statistikkfunksjon.  Under har eg tatt ut eit utsnitt som viser mottekne meldingar.  Eg har brukt Eudora sidan 1995, og med det talet mottekne meldingar som er oppgitt under (174085) trur eg beint at denne statistikken kan vere basert på heile perioden på 13 år.

Fordeling av spam og vanleg epost

Figuren over viser at eg har motteke 4002 meldingar i februar (raudt område), mot 1315 (grøn linje) i januar månad og eit gjennomsnittleg på 2079 (blå linje) pr månad. Grafen viser og den tydelege auken etter at det danske filteret vart slått av sist i januar.

PS! Skjønnar ikkje heilt forskjellen i teljarar her,  4002 registrert mottatt i Eudora, det eg no har i søppelstatistikk og i ulike arkiv for februar er 2671 (2170 + 501) + eit tillegg for fjerna/sletta meldingar, men det forklarer ikkje differanse på 1331 meldingar.