Etterlysing: Arkivsystem

Vestlandsforsking er i same situasjonen som mange andre små verksemder: Me skulle gjerne hatt eit enkelt arkivsystem tilpassa vårt behov.

Me treng ikkje noko avansert arkivsystem - eit NOARK-tilpassa system vil til dømes vera langt i overkant av det me treng. Behovet vårt kokar ned til arkivering av den avgrensa korrespondansen via brev me har, i tillegg til arkivering av tilbod, kontraktar osv. i samband med prosjekt.

Etter skandalane i Enron og WorldCom vart det sett søkjelys på dokumentasjon også i private verksemder i USA. Det førte etter kvart til lova  Sarbanes-Oxley som kom i 2002 (oppkalla etter Paul Sabanes og Michael Oxley). Lova sette strengare krav til openheit og dokumentasjon for børsnoterte selskap. Ein variant av lova er under innføring i EU; Euro-Sox.

På grunn av desse lovene har arkivsystem fått fornya interesse særleg i næringslivet. Det blir strengare krav til dokumentasjon og det blir endå viktigare å ha orden i sysakene. Ut frå dette trudde me at det må vera flust med aktuelle arkivsystem tilgjengeleg, men der tok me feil. Me har store problem med å finna fram til eit enkelt arkivsystem og må spørje brukarane om hjelp: Har du kjennskap til eit arkivsystem for småbedrifter, skriv eit svar på bloggen eller send ein epost til info@vestforsk.no.