Om Vestlandsforsking

test
Fosshaugane Campus, Foto: Falkeblikk AS

Vestlandsforsking er eit regionalt forankra forskingsinstitutt som utfører forsking- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Vi arbeider med forsking innan tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn.

Forskarane våre utfører tverrfagleg og bruksretta forsking både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vestlandsforsking har om lag 30 tilsette og ein årsomsetnad på rundt 25 millionar kroner.

Vi held til på Fosshaugane Campus i Sogndal, som ligg i Vestland fylke.

Overordna mål

Vestlandsforsking er eit regionalt forankra forskingsinstitutt på den nasjonale og internasjonale FoU-arenaen. Vi leverer kunnskap som møter samfunnsutfordringar og bidreg til innovasjon og berekraftig utvikling.

Visjon

Kunnskap for eit ope og berekraftig samfunn.

Verdigrunnlag

Vidsynt - Vi er i fagleg front, engasjerte, nysgjerrige, kreative, nyttar ulike fagdisiplinar og er opne for ulike perspektiv.

Ansvarleg - Vi utfører forsking på høgt internasjonalt nivå som er relevant for oppdragsgjevarane.

Samarbeidsvillig - Vi er opne i møte med andre og vi opptekne av å bidra til gode løysingar.

Finansiering

Prosjektinntektene finansierer den ordinære drifta i Vestlandsforsking. Tilskot i form av grunnløyvingar blir nytta til strategisk fagleg utvikling og kvalitetssikring. Ved stiftinga av instituttet, som fann stad 13. mars 1985, gjekk Sogn og Fjordane fylkeskommune (stiftar), Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 millionar kroner.

Organisering

Instituttet er organisert som stifting og blir leia av eit styre samansett av sju medlemer. Sogn og Fjordane fylkeskommune vel fleirtalet av desse, medan Norges Forskningsråd vel eitt medlem. Styreleiar er Aleksander Øren Heen. Anders-Johan Almås er direktør og ivaretek den daglege leiinga av instituttet. Forskingsområda er organiserte tematisk og leia av forskingsleiarar og administrative gruppeleiarar.

Kvalitetssikring

Kvalitetssikring skjer gjennom fagleg rettleiing og kontroll, og ved intern kvalitetssikring av prosjektgjennomføringa.