Norge attraktivt for utanlandske forskarar?

Ifølgje Regjeringas forskingspolitikk er det ”Et mål er å gjøre Norge attraktivt for flere utenlandske forskere.” Ein indisk professor i semantiske teknologiar og kunstig intelligens tok til hos Vestlandsforsking 1.sept 2009. Han rådførte seg i april 2009 med UDI om korleis søke arbeids- og opphaldstillatelse, og følgde råda derfrå. Pr i dag har han ikkje fått svar på søknaden eller på forespørsel om kvar saka hans ligg.

Som arbeidsgjevar har eg fått innblikk i ei side ved Norge dei fleste av oss slepp å sjå. UDI si opplysningsteneste om saksbehandling har telefonkøar som eg berre har opplevd i land vi ikkje plar samanlikne oss med, ved siste forsøk kom eg gjennom etter 35 min. Opplysninga er at saksbehandlingstida på arbeids- og opphaldstillatelse er minimum 6 mnd. Vi kan søke om prioritering av søknaden, men det er det mange som gjer... Vi har skrive brev med oppmoding om at søknaden blir prioritert, vi har bedt om midlertidig opphaldstillatelse, vi har purra på søknaden. Og vi har til dels opplevd ein lite hyggeleg tone av – sikkert slitne – medarbeidarar i UDI. Pr 20.oktober har enno ikkje søknaden frå vår professor fått saksbehandlar i UDI. Sjølv kjenner eg på avmakta overfor ”systemet”, vi kjem ikkje i inngrep. Ei surrealistisk oppleving, dette er Norge.

Vår professor kan reise ut av landet medan søknaden blir behandla, men han kan ikkje rekne med å kome inn att i Norge. Ein internasjonal forskar får dermed ikkje utført arbeidet sitt i månadene som går før søknaden blir behandla. Neste veke har han planlagt eit fagleg møte mellom forskarar på Island og våre forskarar, men kan sjølv ikkje delta. Norge attraktivt for utanlandske forskarar?

Eg gjer meg og nokre tankar om korleis det er å møte vårt norske immigrasjonssystem dersom du ikkje er ein internasjonalt anerkjend professor i IT, ikkje er språkmektig, ikkje kjenner offentlege system - og har kontantkort på mobiltelefonen…