Fattigmannsbreiband til alle …..

Post og Teletilsynet definerer breiband slik (vevsida oppdatert hausten 2006):
”Breiband er fysisk ikkje ein stor, brei kabel, men skildrar populært sagt ei teneste der tilgang til informasjon er mykje lettare, og framfor alt mykje kjappare, enn ved bruk av tradisjonell telefonline eller ISDN. I dag blir derfor tenester med kapasitet over ISDN (over 128 kbit/s = 0,128 Mbit) marknadsført som breiband, medan i Regjeringas utgreiing "Bredbånd til hele landet" blir breiband skildra meir ambisiøst som overføring av minst 2 Mbit/s (2000 kbit/s).”

Regjeringa har lova breiband til alle innan utgangen av året 2007. Regjeringa seier no at alt over 640 kbit/s (0.6 Mbit/s) er breiband. Det er denne hastigheita som krevst for å sjå på web-tv frå Stortinget.

Internettenestene utviklar seg raskt og krev stadig meir bandbreidde. Eg har i dag 4 Mbit/s samband i heimen og kan bruke dei fleste tenestene som vert tilbydd meg på internett. Eg reknar snart med å måtte auke til større kapasitet. NextGenTel tilbyr i dag breiband på 20 Mbit/s for 469 kr/månad.

0.6 Mbit/s til alle = Fattigmannsbreiband til alle ….