Alle Websider er ein brosjyre!

I dag blir over halvparten av alle webside funnet via søk, og ikkje via menyen på portalane. Derfor kan alle webside på portalen/heimesida vera første inntrykket som brukarane får av firmaet/kommunen/idrettslaget osv.   Dersom eit firma skal lage ein brosjyre for å presentere seg sjølv blir det lagt ned mykje arbeid for å få med det rette innhaldet i eit fint design. Dette er ofte brosjyrar som kjem ut til ei svært avgrensa mengde personar. På nettet er det uendeleg mange som kan søke via Google eller andre søkemotorar, og som fører deg til ei tilfeldig webside på din portal. Det er derfor viktig at oppbygging av alle webside i ein portal kan stå på eigne bein. Det skal vera einkelt å finne framsida, vise kor websida er i menystrukturen (brødsmulesti), vise relatert informasjon til websida osv.   Den er som regel berre framsida på portalane som det blir lagt ned mykje arbeid på, og som kan samanliknast med ein brosjyre. Underliggande webside er avhengig av at ein har gått gjennom menystrukturen for å få eit fullt utbytte av innhaldet.   Kan alle webside i portalen til firmaet/kommunen/idrettslaget ditt stå aleine?