Det etter kvart mykje omtalte seminaret om K.E. Løgstrup som miljøfilosof blir overført på nettet (webcast).
Ved sidan av Kierkegaard er K.E. Løgstrup ein av Danmaks fremste filosofar. Tankane hans har relevans for tilhøvet mellom menneske og miljø. Måndag 3. mai held Jon Helen Pedersen frå HSF føredrag om Løgstrups fenomenologiske filosofi som miljøfilosofi. Føredraget er ope for alle og finn stad i andre etasje på Fossbygget (AØR, rom 209) frå kl 12 til 13.30.