Offentleg IT-arkitektur

NOKIOS - Norsk konferanse for offentleg sektor - vart arrangert for første gang forrige veke. Det var NTNU som var vertskap og konferansen vart halden i Trondheim. NTNU har planar om ein årleg konferanse for IT i offentleg sektor, og den skal sjølvsagt vera i Trondheim. Eit av hovudtema på konferansen var arbeidet med ny felles IT-arkitektur for offentleg sektor (FAOS).

FAOS står for Felles arkitektur for offentleg sektor og det er altså it-arkitektur me snakkar om. Den viktige rapporten "Arkitektur for samhandlingi offentleg sektor" frå Moderniseringsdepartementet i 2004 la grunnlaget for arbeidet med it-arkitektur etterpå. Stortingsmeldinga "Eit informasjonssamfunn for alle" frå desember 2006 omtalte også arbeidet med it-arkitektur og figuren under er henta frå meldinga:

IT-arkitektur

Denne figuren var også utgangspunkt for ein av presentasjonane på konferansen. Det var ei veldig teknisk og instrumentell tilnærming hos innleiarane, på linje med figuren, og først med eit spørsmål om kva som var poenget og om ikkje dette kunne løysast på enklare måtar, vart det interessant. Eg minna om forrige gong det skulle lagast ein stor it-arkitektur for offentleg sektor, i starten av 1990-åra. Då fekk me vedtak om bruk av X.400 som e-poststandard og NOSIP som arkitektur for samhandling og integrering.

Det gjekk ikkje bra; det gjekk faktisk på trynet. Internett kom og feia med seg alt som smakte av OSI og vedtaka var ikkje verdt papiret dei var trykte på. Av den grunn bør ein vera forsiktig med å spenna opp eit veldig stort lerret. Eg tilrådde den omvende strategien: Kor lite kan ein klara seg med av felles arkitektur og likevel løysa dei viktigaste utfordringane innan samhandling?

Felles IT-arkitektur og deling av komponentar er viktig, men endå viktigare er det at behova er utgangspunktet og at ein unngår nye gigant-prosjekt på dette området.