OOXML blues

Røyken har etter kvart lagt seg etter bråket om ISO-godkjenning av Microsofts OOXML-format. Men den avgjerande aktøren i den norske behandlinga har ikkje gitt lyd frå seg. Kan Standard Norge vera vennleg og reisa seg og forklara kva som skjedde?

Prosessen med ISO-godkjenning av Microsoft sin Open Office XML – OOXML – skapte mykje støy. I første runde vart søknaden om ISO-godkjenning avslegen, både i Norge og internasjonalt.

Microsoft endra så ein del spesifikasjonar og fremja ny søknad. Her i landet vart avgjerda om Norge si stemme i ISO teken i slutten av mars. Det vart eit rabaldermøte som enda med at ekspertgruppa vart overkøyrt av Standard Norge sin representant som på eiga hand avgjorde at Norge skulle stemma ja. Om dette var rett eller ikkje, er vanskeleg å svara på, men på grunn av all støyen og misnøyen er det minste vi må forlanga at organisasjonen i ettertid forklarer kva som skjedde og kvifor det skjedde.

Så langt har vi berre Steve Peppers versjon. Steve var leiar (chairman) av ISO-komitéen SC34 i 13 år, men trekte seg i protest mot måten OOXML-saka vart handtert på. Versjonen hans indikerer at dette ikkje har vore ein ryddig prosess, og av den grunn bør Standard Norge på bana.

Vestlandsforsking sende høyringsuttale til Fornyings- og adm.dep. i høyringa av forslag til referansekatalog for IKT-standardar i offentleg sektor, og sa følgjande om godkjenning av OOXML:

” Dette er sjølvsagt ei vanskeleg sak, mest av politiske grunnar. Generelt er det ikkje ønskjeleg med fleire standardar innan same område, tekstbehandlingsdokument, då blir det ikkje lenger ein standard. Å argumentera for at ein treng valfridom innan standardar for dokumentutveksling er som å argumentera for at vi treng å innføra fot som eit alternativt mål for meter.”

Dette synet står vi fast på.