Kvifor Wikipedia?

Vestlandsforsking har gitt kr 10 000,- i støtte til Wikipedia og spørsmålet er kvifor akkurat Wikipedia?

Det er mange støtteverdige tiltak verda over, det manglar ikkje på det. Då IT-gruppa ved Vestlandsforsking bestemde seg for å donera pengar til eit godt føremål like før jul, var det sjølvsagt at det måtte ha noko med forskingsområdet vårt å gjera. Dei gode føremåla vart difor fort snevar inn til viktige it-prosjekt/-tiltak. Også her er det mange å velja mellom; det er etter kvart veldig mange støtteverdige prosjekt innan fri programvare, det er viktige utviklingstiltak som OLPC (One Laptop Per Child) og det er viktige organisasjonar som Elektronisk Forpost Norge (Electronic Frontier Foundation), Creative Commons berre for å nemna nokre få.

Men ein stad må ein starta, elles blir ein lamslått av alle alternativa, det velkjende Paradox of Choice. Wikipedia har utmerka seg både som ei informasjonskjelde utanom det vanlege, men også som ein modell for redigering som er revolusjonær. I kjølvatnet av Wikipedia har me fått wiki som fenomen - det enklaste publiseringssystemet for deling som tenkjast kan. Prosjekt-wikiar sprett opp over alt og wiki som system har alt fått eit godt fotfeste.

Wikipedia byggjer på enkle føresetnader og ein filosofi som er veldig viktig for den vidare utviklinga av internett: Tvers gjennom ope og gjennomsiktig. Det er ein modell som kan brukast også på andre område og den byggjer på sosial kontroll som eit fundament. Her kan også formuleringa til Eric S. Raymonds' klassiske essay "The Cathedral and The Bazaar" om at "given enough eyeballs, all bugs are shallow" passa godt. Med tilstrekkeleg mange auge vil alle forsøk på lureri (spam) bli oppdaga. Jonathan Zittrain peikar på Wikipedia-modellen når han føreslår alternative utviklingsvegar for nettet der spam truar med å føra utviklinga inn på eit farleg, lukka spor.

Alt dette gjer at Wikipedia fortener støtte i arbeidet sitt. I tillegg til økonomiske gåver er det også viktig å støtta arbeidet ved å bidra til den felles informasressursen. Det arbeidet startar me på etter nyttår...

Heilt til slutt: Wikipedia har sett seg som mål å samla inn $6 mill. i løpet av 2008 - i skrivande stund er summen kommen opp i $5,34 mill.