Semantisk snubling

Semantisk web og semantiske teknologiar har vorte spådd ei stor framtid i mange år, men det er framleis langt fram for eit eventuelt gjennombrot.

Government Computer News refererer til Tim Berners-Lee (TBL) sitt foredrag på International Semantic Web Conference denne veka der han innrømmer at det framleis er langt fram før eit eventuelt gjennombrot. Berners-Lee er i tillegg til mannen bak web-en også ein av hovudarkitektane bak semantisk web.

Semantisk web (semantic web) refererer spesifikt til Resouce Description Framework som er W3C sin standard for utvikling av semantisk understøtta ressursar. RDF har seinare fått følgje av fleire standardar, særleg OWL (Web Ontology Language), som til saman dannar ein stakk av protokollar for realiseringa av semantisk web.

Eg skreiv nyleg om TBL sitt engasjement for opning og tilgjengeleg-gjering av offentlege data i Storbritannia ( data.gov.uk ). På den før nemnde konferansen seier han at "When you look at putting government data on the Web, one of the concerns is … to not just put it out there on Excel files on Data.gov". Det er nødvendig å gjera offentlege data tilgjengelege, men ikkje tilstrekkeleg. For å få skikkeleg nytte av data må dei gjerast tilgjengelege på ein god måte. Då er semantisk web og rdf løysinga i følgje TBL.

Han blir spurt om ikkje API (definerte grensesnitt) er ei bra løysing, men svarer til det at då må utviklarar skriva program for tilpassing. Dersom data blir gjort tilgjengelege som rdf, blir dei med ein gong tilgjengelege i ein større samanheng fordi dei vil bli kopla til den store "databasen" Linked Open Data (sjå illustrasjonen under).

Hjå Vestlandsforsking har me prosjekt som byggjer opp om denne ideen. Forskingsråds-prosjektet SeSam4 skal gjera det enklare for små- og mellomstore bedrifter å gjera seg nytte av semantiske teknologiar (både semantisk web og emnekart/Topic Maps) og prosjektet Semantisk Sognefjord.no skal ta teknologien og verktøya vidare og prøva dei ut i reelle tenester. Felles for begge prosjekta er at reiselivet er utprøvingsområde.

Linked Open Data