Låsar er som regel ikkje effektive hindringar, heldigvis kan Gnumeric låse opp.

Korleis fri programvare kan løyse problem, sjølv om det ikkje nødvendigvis er lagt opp til det.

På grunn av mi generelt store interesse for alle it-relaterte problemstillingar blir eg ofte beden om hjelp med it-problem her på Vestlandsforsking. Noko eg faktisk likar ganske godt, særleg fordi eg kan velje å sende vidare det som ikkje er interessant til den offisielle brukarstøtta.

Eit av problema som dukka opp att for nokre dagar sidan var problem med låste celler i eit rekneark-skjema frå EU. EU sitt byråkrati er ikkje særleg fleksibelt og dersom det er noko feil med rapportane som blir sendt inn har du eit problem. Det er nok også difor dei tenkjer dei skal vera hjelpsame og hindra brukarane i å gjera feil ved å låsa enkelte celler i reknearket. I Excel og OpenOffice og andre rekneark-program er det mogleg å låsa celler, ark eller heile arbeidsbøker, og dersom du låser dei med eit passord kan du hindra andre i å fjerna låsen.

Sjølv om låsinga truleg var gjort frå EU-byråkratiet si side for å hindra oss i gjera feil, gjorde det i dag at kollegaen min ikkje kunne fylla ut skjemaet rett, og difor kom ho til meg. Sidan OpenOffice ikkje er Excel og utviklarane aldri fekk dokumentasjon frå Microsoft for korleis binære .xls-filer skal lesast er det ikkje alltid programmet forstår alt heilt perfekt. I tidlegare versjonar betydde dette at OpenOffice ikkje brydde seg om passordlåste celler i .xls-filer, men i versjon 3.1 ser det ut til å ha komme inn ei delvis fungerande støtte for denne funksjonen. Denne gongen måtte eg difor sjå til eit anna fritt reknearkprogram for å løysa problemet:

Korleis endra passord-låste Excel- eller OpenOffice-rekneark (både celler, ark og bøker) med Gnumeric:
  1. Last ned og installer Gnumeric (Windows og Linux).
  2. Opne reknearket i Gnumeric, dersom det ikkje ser bra ut lagrar du det i Excel 97/2003 (.xls)-format først.
  3. Dersom du vil låse opp celler går du til menyen Format>Cells og veljer «protect»-fana. Dersom du vil endre på låsing av alle ark går du til menyen Format>Sheet>Manage sheets... der du finn ein hengelås som du kan klikke på for å låsa og låsa opp.
  4. Endre i veg og lagre i kva format det skulle vere!
Sidan ulike program forstår ulike filformat ulikt (som eg har vist her) ver sikker på at du ser gjennom fila di i det programmet og filformatet som publikummet for fila di truleg kjem til å bruke (dersom du skal distribuere ho digitalt). Dersom reknearket ser ut slik det skal (sjå etter reknefeil og visuelle feil) er det truleg best å skrive ut i Gnumeric. Dersom det ikkje ser ut slik det skal prøver du å opna det i programmet det først vart laga i.

Som så ofte elles inneber fri programvare også fridom frå unødvendige meldingar og trojanske hestar. Gnumeric har ikkje like mange funksjonar som OpenOffice.org Calc og Microsoft Excel, men det har andre føremoner slik som fritt fargeval for diagram (ikkje tilgjengeleg i OpenOffice) og meir nøyaktige utrekningar i enkelte tilfelle (enn Excel).