Forsking og blogging

I følgje digi.no er dette ingen god kombinasjon. Norske forskarar er sinker når det kjem til blogging. På Vestlandsforsking prøver me å motbevisa dette. Eg er ikkje heilt sikker på om me har klart det..

Vestforsk-bloggen vart starta i mai 2007 og fornyingsministar Heidi Grande Røys fekk æra av å skriva det første innlegget. Der skreiv ho mellom anna:

Vi ser at fleire og fleire seriøse aktørar i den politiske debatten tar i bruk bloggar. Vi treng seriøse bloggar!   Dessverre er blogg i liten grad teken i bruk i meir "seriøse" organisasjonar - førebels, men når Vestlandsforsking no lagar blogg, så  får vi eit spennande høve til å meine og debattere dei ulike tema som Vestlandsforsking er oppteken av òg i denne forma

Dette gjeld i høgste grad i dag også, over eitt og eit halvt år etter. Forskarar og forskingsverksemder må vel i høgste grad reknast mellom "seriøse organisasjonar" - kanskje er dei/me for seriøse? Å skriva noko som blir vurdert og kommentert av andre er ikkje ukjendt for forskarar, det er heller kjernen i forskingsarbeidet. Men publisering av artiklar (paper) når dessverre ikkje andre enn kollegaer. Forskingsformidling er eit forsømt område og bloggar kan vera ein veldig god måte å byggja ned terskelen for å få ein dialog med folk flest.

Erfaringane etter eitt og eit halvt års VF-blogging er at det er tungt å dra i gang og at forskarar flest er opptekne av heilt andre ting. Dei kan ikkje klandrast for det, det er mange krav i kvardagen og blogging blir sett på som eit overskotsfenomen. Det er også viktig å vera tolmodig i arbeidet med ein blogg. Lesarskaren må byggjast opp gradvis og det kan ta tid å få i gang ein skikkeleg dialog. På den andre sida er det ei god utfordring der ein må skjerpa seg for å prøva å skriva bra.

Eg er ikkje i tvil, uansett framtida for VF-bloggen: Blogging er komme for å bli, og også forskarar må innsjå det etter kvart.