Gull!

Alle som driv ein nettstad har ei eller fleire gullårer. Dessverre blir desse i liten grad utnytta. Me snakkar sjølvsagt om brukarstatistikk.

Brukarar av nettstader etterlet seg spor. All aktiviteten til web-serveren blir loggført i ei eiga loggfil. Der står det kven som var innom (IP-adr.), tidspunktet, kva side brukaren ba om osv. Ei typisk linje i ei slik loggfil ser slik ut:

193.212.174.61 - - [22/Oct/2007:15:50:21 +0200] "GET / HTTP/1.1" 301 338 "-" "Mozilla/5.0 (X11; U; Linux i686; en-US; rv:1.8.1.6) Gecko/20071008 Ubuntu/7.10 (gutsy) Firefox/2.0.0.6"

Ved å analysera loggfilene i eit eige program, kan ein få ut statistikk over bruken av nettstaden. Grovt sett har me følgjande former for brukarinformasjon frå nettsidene våre:

1. Besøksstatistikk frå loggfiler eller eigne script som blir lagt på nettsidene (Google Analytics og tilsvarande verktøy)
2. Søkeord og -uttrykk
2.1 Eksterne søk (kva søkeord får vår nettstad høgt på trefflista og kva søkeord fører brukarane til vår nettside?)
2.2 Interne søk (kva søkjer brukarane etter på vår eigen nettstad?)
3. Abonnentar av rss-straumar (nyheiter, blogg)

Besøksstatistikk frå loggfiler eller script-basert (klientside) er det mest vanlege. Dessverre er det mange feilkjelder og lite standardiserte målemetodar her og resultata spriker deretter. Her er tala for vestforsk.no i 2008 sett med ulike verktøy:

Verktøy Besøk Sidevisingar
Nihuo (loggfil) 130 000 350 000
Google Analytics 35 000 127 000
Officenet CMS 300 000 -


Kvifor det er så stor variasjon mellom dei ulike verktøya, kan me berre spekulera i. For ein grundig gjennomgang av logganalysar, vil eg tilrå artikkelen "The Limitations of Server Log Files for Usability Analysis" av Karl Groves.

Registrering av søkeord og -uttrykk er enklare, her er det berre snakk om å ta vare på søka og analysera dei i ettertid. Det vart utført ca. 4 500 søk på vestforsk.no i 2008, og dette var dei mest brukte søkeorda:

1. Reiseliv (og variantar)     585
2. Geoturisme                       535
3. Klima (og var.)                  130

Og så er det jo veldig kjekt å sjå kva personar som får mest oppslag i løpet av eit år:

1. Carlo Aall                           994
2. Karl Georg Høyer             925
3. Erling Holden                   911

Det er særleg søkeord og -uttrykk som bør studerast nøye, for her er det nyttige opplysningar om kva uttrykk brukarane brukar. Dei kan ofte skilja seg frå dei interne uttrykka me sjølve brukar og det er difor eit godt verktøy for å bli mindre avsendarorientert.