eBorger 2.0

SINTEF har nyleg utarbeida rapporten eBorger 2.0 for Fornyings- og adm.dep. der dei tek for seg spørsmålet om brukargenerert offentleg informasjon. Spørsmålet er altså korleis brukarane eller innbyggjarane kan delta på ein slik måte at dei også skaper ein del av innhaldet på offentlege nettstader – også kalla delingskultur. Inntrykket mitt av rapporten er at den er skuffande overflatisk og lettbeint på dette viktige området.

Fornyingsminister Heidi Grande Røys er entusiastisk over forslaga i rapporten og seier at ”det ligg enorme mulegheiter for dialog og spreiing av informasjon viss staten og brukarane av nettsamfunn spelar på lag”.

For ei tid tilbake drog Gjermund Lanestedt i Teleplan Consulting i gang ein debatt om offentleg sektor og web 2.0 i Computerworld. Gjermund meinte det var all grunn til å ta det med ro og tenkja seg om før ein hoppa på web 2.0-bølgja. Eg svarte den gangen at tfordringa ikkje er at det offentlege kastar seg på ei slik bølgje, men at dei er så forsiktige at dei ikkje kjem i gang. Ut frå det burde eg jo omfamna rapporten frå SINTEF. Men eg meiner utgangspunktet deira er feil og at mange av forslaga deira verkar som dårlege kopiar av dagens nettsamfunn-suksessar; som Facebook, Nettby osv.

Som ein viktig del av utgangspunktet brukar dei resultata frå ei spørjeundersøking. Her grip dei tak i 17 % som meiner at offentleg informasjon er for dårleg tilgjengeleg (medan 54 % meiner den er god eller svært god). Storparten av dei som meiner offentleg informasjon er for dårleg tilgjengeleg, er i aldersgruppa 15 – 30 år. For det første meiner eg det blir feil å blåsa opp denne delen, det er trass alt over tre gonger så mange som meiner offentleg informasjon er godt tilgjengeleg. For det andre meiner eg at det er ei uheldig gruppering av informantane.

Ut frå ei spørjeundersøking for DIFI i høve ny strategi for Miside og Norge.no, intervjua vi ein del tilfeldige personar om offentleg informasjon, både nettbasert og elles. Mange av dei vi intervjua var unge i alderen 19 – 25 år. Det viste seg, ikkje overraskande, at desse hadde lite kjennskap til offentleg sektor og offentleg informasjon, men det var fordi dei ikkje hadde bruk for dei typiske offentlege tenestene. Dei unge, som eBorger 2.0 er så opptekne av, har ikkje særleg bruk for den typiske offentlege informasjonen frå kommune eller stat. Dei er mest opptekne av skule og studiar og får relevant informasjon frå studiestad, Lånekasse o.l., eit nokså avgrensa informasjonsunivers.

Eg har stor tru på bruk av web 2.0 i offentleg sektor (delingskultur, aktiv deltaking frå innbyggjarane), men på andre område og måtar enn eBorger 2.0 skisserer. Eit opplagt område for brukardeltaking er kultursektoren. Den har eit innhald som formeleg skrik etter brukarmedverknad, men sektoren ser ut til å mangla både system og vilje til å fanga opp potensialet. Manglande vilje er kanskje ikkje heilt rett, det er mange i denne sektoren som ser behovet, men det er helst ressursar og prioritering det står på.