I agree...

Ja, eg samtykker og trykker Neste i det eg installerer nærast eitkvart program på datamaskinen. Dei fleste som har innstallert eit program på ein maskin kjenner seg sikkert igjen, men kva er det eg eigentleg samtykker i?

Nokre døme frå nokre sluttbrukaravtalar (EULA – End User License Agreement) avslører at vi kjapt er fanga i avtalar som gjer oss til nikkedokker for programlverandørane.

  • Ikkje kritiser dette produktet offentleg (MS XML, MS SQL)
  • Bruk av dette produktet medfører overvaking (MS XP Home)
  • Ved å signere denne avtala, går du også med på å godta alle endringar  i nye versjonar.
    Og sluttbrukaravtalen kan endrast utan melding (Apple iTunes)
  • Vi er ikkje ansvarleg for at dette produktet rotar til maskinen din (MS XP)

Skal vi berre godta dette eller det grunn til å prøve å kjempe for enkelte rettar for oss brukarar også? Ja, eg berre spør…

Problemet med sluttbrukaravtalene slik vi ser dei i dag, er ikkje avtalene i seg sjølv, men korleis enkelte eleverandørar utnyttar dette til det absurde. Tanken frå tidas morgon (midten av 1980-talet) vår å avgrense sjansen for kopiering og gjenbruk av kode for å lage konkurrerande produkt, og sikre seg for dei store smellane om noko skulle få utilsikta verknader av for dårleg test programvare. Avtalane gjer oss til ufriviljuge lovbrytarar, for vi har i mange samanhengar ikkje lov til å prøve å få ulike prgram til å verke i saman.

Article End User License Agreement

By reading this blog, the author is granted unlimited access to the readers documents forever.

I agree I do not agree

Les meir: http://www.eff.org/wp/eula.php