Open forvaltning i USA

Obamas IT-sjef heiter Vivek Kundra. Han lanserte nyleg "IT-dashbordet" der data om it-prosjekt er tilgjengelege for alle, på ein enkel måte.

Vivek Kundra har stor tru på frigjering av data frå offentleg sektor. Han ser helst at offentlege etatar "spyr ut" dei data dei har slik at andre kan byggja vidare på dei. Han er også oppteken av innsyn og at offentlege midlar blir brukt på best muleg måte og at dei som forvaltar midlane for fellesskapen skal kunna stillast til ansvar for bruken. Som det står på startsida av usaspending.gov : "Welcome to USAspending.gov. Where americans can see where their money goes."

Det siste har gjort at han nyleg lanserte IT-dashbordet. Det er eit styringsverktøy som hentar ut data om dei mange it-prosjekta forvaltninga i USA har i gang. Data blir presenterte på ein svært lettfatteleg måte slik at alle enkelt kan sjå kva som er status for eit gitt prosjekt. Og dei etatane som let vera å oppdatera systemet av ulike grunnar, blir ekstra synlege. Som Kundra sjølv seier: "I talked to the CIO Council and saw the data change overnight. It was cleaned up immediately when people realized it was going to be made public."

Forleggjar Tim O'Reilly kallar det radikalt innsyn og har denne kommentaren til initiativet. O'Reilly er selskapet bak begrepet "web 2.0" og Tim O'Reilly ein mann med stor innflytelse i nettsamfunnet. Etatane har 30 dagar på seg til å oppdatera informasjon frå siste periode, og det røskar opp i litt stive og trege strukturar, som Tim O'Reilly skriv: "I love that. 30 days is an eye-blink in traditional government time! We're starting to see agile methodologies make their government debut."

Dette må vera noko for Heidi Grande Røys. Viss eg var ho, ville eg bedt om kjeldekoden til IT-dashbordet og sett Difi til å laga ein norsk versjon. Kundra er ein ivrig talsmann for fri programvare så IT-dashbordet er garantert open. Her kan du elles lesa meir om Vivek Kundra sine planar om IT-bruk i det offentlege USA.

Då er det berre å setja i gang Heidi!