Strålande telefonar

I fjor haust vedtok Vestlandsforsking å kutte ut fasttelefonen og gå over til å berre bruke mobiltelefon. At mobiltelefonar er strålande apparat både funksjonelt og med omsyn til radiobølgjer har vore eit særs omtykt emne i media. Som regel er det funksjonaliteten media er opptekne av (i det siste særleg Iphone og Google Android), men eit tema som dukkar opp med jamne mellomrom er om mobiltelefonar er farlege fordi dei gjev frå seg radiobølgjestråling.