Liv Signe Navarsete: Vestlandsforsking 25

Liv Signe var styreleiar ved Vestlandsforsking frå 1999 til 2005.

Liv Signe Navarsete:Liv Signe

I 25 år har det vore forska i regi av Vestlandsforsking. Det skal me vere glade for. Samfunnet ser annleis ut frå den akademiske smia i Sogn enn frå eit forskarkontor i hovudstaden.

Eg har dei siste vekene vore landet rundt på ein liten motmaktturné. Føremålet har vore å setje i gang eit ordskifte om regional utvikling og korleis me kan skape regional balanse med attraktive lokalsamfunn, byar og gode regionar med tru på seg sjølve.

Møta har stadfesta at det er ikkje berre er i Oslo det kjem nye tankar. Snarare tvert i mot, vil enkelte vere så frimodige å seie. Så langt går ikkje eg. Det er viktig med akademisk kraft i hovudstaden. Samstundes er det naudsynt med akademisk og intellektuelle krefter som har sitt utspring andre stader. Ståstaden avgjer kva du ser, korleis du tenkjer og kva du spør etter.

Difor er Vestlandsforsking eit godt døme på at motmakt også handlar om akademisk ekspertise og alternative tenkjemåtar. Det skal sjølvsagt ikkje gå ut over den akademiske kvaliteten, forskarane sin faglege integritet og sjølvkjensle. Då er me ikkje tent med ein slik institusjon. Men kunnskap som blir produsert utanfor dei største institusjonane vil på sitt beste ha ein meirverdi som fangar den særeigne geografi, næringsstruktur og busetnad me har i Noreg.

VF har alltid forska på område som har vore aktuelle i notid eller nær framtid. Det har gjort miljøet relevant. Forsking på miljø, IKT, reiseliv og endring og nyskaping er meir aktuelt enn nokon gong. Det internasjonale samarbeidet har saman med tydeleg lokal ståstad opna for at nye spørsmål blir stilte og dermed bidrege til å gje nye svar.

Mi utfordring til Vestlandsforsking dei neste 25 åra er å halde fast fokus på kompetanseutvikling og vidareutvikling av det internasjonale samarbeidet. Samstundes må Vestlandsforsking saman med andre regionale forskingsmiljø vere spydspiss for ei akademisk motmakt som bidreg til regional balanse og vågar å utfordre dei til tider sentralistiske brillene frå meir sentralt plasserte forskingsmiljø.

 

Til lukke med 25-årsjubileet!