Skattelistene 2.0. Uff då

Du treng det sjølvsagt. No med ein gong. Du og. Den komplette oversikta over kva naboen, rikfolk og venner tener. Og so dine ”Facebook”- venner då. Dette tenkte eg ikkje på før i dag. Fram til no har systemet i galskapen for dei fleste vore avgrensa til å måtte slå opp ein og ein og lese lokal og riksavisene for å få oversikta. Ikkje no lenger. Nasjonalt mykje brukte nyhendetenester tilbyr løysingar som let deg slå opp alle ”venner” automatisk. TV2 Nyhetskanalen reklamerte den 21.okt for eit alternativ. Deretter oppdaga eg at det finst fleire liknande småprogram tilgjengeleg for min Ipod touch. Eg vart skremt. Er du min venn så oppmodar deg pent om å la vere å ta dei i bruk. Men du har rett til å vite kor enkelt dette er. (Eg har berre slått opp meg sjølv og kan ikkje unngå å få med meg massemediesladderet.). Kor godt kjenner du dine ”venner”?

Europa går føre på personvern og internett. Men heile 75% av alle land manglar slik lovregulering av personvern.  Nokre land har ulik praksis i ulike delstatar. Noreg har og utfordringar. Norske skattelister og det offentlege si bruk av personnummer som identifiserer til dømes. Truleg veit det offentlege i skandinaviske land mykje meir om deg enn det USA med sine system gjer. Naboen din ser deg i alle høve betre i korta her enn i mange land.

Kollega Svein Ølnes deaktiverte nett (20 okt.) Facebook-profilen sin. Eg trur kanskje ikkje alt er sletta, for nettet fangar. Men for ei bra timing dagen før dagen! Eg tenkte å sende han spørsmål om dette berre var flaks. Han er prinsipielt sterkt imot denne typen lukka løysingar. Medan eg har enno litt sans for det lukka Facebook. Sjølv om dette tærer på. Facebook er enklare tilgjengeleg for folket enn det opne sms-liknande Twitter. Og marknadsaktørar eig begge tenester, med det dette kan medføre av bekymring.

Men spørsmålet til Svein kjem eg nok til å spare meg. I mellomtida kan du gjere eit forsøk på å stoppe alle andre sine Facebook-søk på deg med informasjon du finn her.