Vestlandsforsking treng deg!

Underteikna forvilla seg til Sogndal i august 2000. Mykje på grunn av ei traineeordning som NHO Sogn og Fjordane tok initiativ til. Dette var ei satsing på å få attende ungdom med utdanning. Det var sett av midlar som særleg skulle få kvinnene attende . Vi var klart flest gutar i det vesle kullet, fornøyeleg nok.

Eg får kanskje skunde meg å leggje til at Vestlandsforsking alt då  hadde politisk korrekt fordeling blant tilsette og i leiing, med til dømes Marit Mauritzen og  Liv Signe Navarsete som direktør og styreleiar.

Alle traineeordningar i fylket er no samla til ei satsing med heile 18 deltakarbedrifter,  koordinert av Framtidsfylket . Torsdag 12. Februar var underteikna blant mange håpefulle lokale aktørar i Trondheim på Studentersamfunnet for å rekruttere nye talent. Gledeleg nok var det godt oppmøte og mange som besøkte meg på stand for å stille spørsmål.  Og det skuldast ikkje berre at våre vener i DIFI hadde stor nabostand som kunne lokke mange med spesialproduserte vassflasker og eige leikehus. Oppstartbedrifta YAST , med engasjerte og enno nyutdanna entreprenørar frå NTNU, hjelpte oss godt med si entusiastiske skildring av Sogndal, Campus og dei unike fritids- og friluftstilboda i området. Det var heilt rett å møte studentane her på deira eigen arena, og ikkje på eit hotell. Diskusjonane og oppmøtet var som sagt veldig bra. Denne messa var merkbart betre enn på Radisson SAS-hotellet i 2008.

Eg kjenner meg veldig  igjen i rammene for opplegget når eg høyrer at planen for 2009-kullet er fire sentrale samlingar, ein ekskursjon utanlands og  god oppfølging undervegs. Dette trur eg blir bra og lærerikt for dei som får delta.  Ikkje minst ser eg at fordelinga har betra seg mykje sidan eg var med…

Vi som arbeider med IKT på Vestlandsforsking har med ei viss missunning sett på kor godt traineeordninga gjennom dei siste tre traineekulla har rekruttert nye medarbeidarar med klima, berekraftig reiseliv og miljø som fokus. Dette har sikra god fordeling og stadig nye impulsar.

Som 1.generasjonstrainee på huset oppmodar eg DEG om å søkje!
Aller, aller helst på IT…