Tastatur , miljøklister og gnagsår


Vestlandsforsking har eige bedriftsidrettslag oppretta i 2006 etter lange diskusjonar om rammer og spesifisering av vedtekter. Ein forskar let ikkje gjerne ei slikt nyskaping passere utan debatt.   Sjølvsagt måtte det bli namnet som Tastaturlaget. Du trur kanskje det deretter vart ein enkel prosess å drive eit mosjonsidrettslag for forskarar? Du kjenner oss dårleg…

For det trengs minst fire forskarar til å skru i ei lyspære. Om direktøren gjev ei arbeidsgruppe oppdraget vil ho observere følgjande når prosjekt lyspære skal gjennomførast. Alle fire utvalde blir ivrig og pliktskuldig med i den ”hurtigarbeidande komiteen”. Men når det kjem til møtedato og tid for gjennomføring kjem tåka sigande. To forskarar har dobbeltbooka og prioriterer andre viktige prosjekt. Dei er på reise. ”Force major”- kan dei to resterande gjerne få høyre då. Ein tredje er handlingssterkt og  kjøpte på eige initiativ inn lyspære på Meny som ho så berre ser for seg å montere. STOOOOOPPP skrik den fjerde som krev nyinnkjøp og prosjektstopp fordi pæra ikkje er av rette sorten. For dette er ikkje sparepære og det er ikkje rett lysstyrke for HMS- føremål. Ny møtedato og strategi må so avtalast med alle fire på e-post… Det vert telefonkonferanse om pæreval og erfaringsnotat i etterkant.

Aktivitetsnivået på laget er ikkje så verst med årleg deltaking i Kjerringi Open, sporadisk lag i Volleyballturnering og endåtil eit år med ”Sykle til jobben”-aksjon, samt støtte til personleg fysisk fostring og arrangering av mindre ekskursjonar.

Av 30 inviterte (og purra på ) deltok sist fredag sju på ski- ekskursjon frå Hodlekve til Høgehaug der fem gjekk vidare til Leikanger. Dette oppmøtet reknar underteikna leiar av Tastaturlagt som god. Sjølve turen vart meir enn vellukka. Det skuldast strålande sol frå skyfri himmel, vindstille, godt selskap og bra med niste.

Førebuinga var grundig. Som normalt haglar det innspel til arrangementskomiteen. Oppmoding om fjelltur kom direkte frå leiargruppa. Deretter dukka enkeltinnspela som venta opp. ” Vi burde grille på ope bål”.  Leiinga har etter kvart gått bort frå deltakande leiarstil, og bestilte bagettar i Campuskantina ein time før avreise. Lighter, sjokolade og kaffi måtte med. Men forskarar må ha skyss og tal bilar kan berre bestemmast ut frå kor mange som deltek. Og det talet vart endeleg klart først to timar i forkant. Etter tre e-postutsendingar og kontorrundspørjing var to køyretøy med sjåfør rekvirert.

skitur

2009_04180212

Forskarsamlinga på Høgehaug var som de ser vellukka. Etter ekstremklatringa mot toppen var det god plass til oss og to småbarnmødre med pulk. Dette og det meste andre viktige på turen vart dokumentert av ein ivrig fotograf med avansert kamera. Utval av skiutstyr var som venta og spesialisert og unikt. Eit par av oss satsa på klister, eit par på heilfelle og ein på halvfelle under skia. Felle er miljøklister spør du meg. Men det ville aldri ein miljøforskar på klister under stålkanta superlangrennski finne på å gjere. (Dette er sjølvsagt dei tynnaste som er å få kjøpt).  Minst to mannlege forskarar presterte å få gnagsår av denne forsiktige turgåinga. Ei lånte vekk idrettsteip. Takk.
Nesten alle nytta nok solkrem…

Øyvind