Klassifisering og kategorisering

I fleire av prosjekta våre støyter vi på problemstillinga om korleis den interne portalstrukturen/nettsidestrukturen heng saman med ei stikkord- eller emneord-basert tilnærming. Dette er mellom anna svært aktuelt i prosjektet Los som DIFI/Norge.no er ansvarlege for og som Vestlandsforsking har hatt ei sentral rolle i utviklinga av.

Alle nettstader bør ha ein underliggjande struktur der det blir "sett namn på ting" (jfr. Gary Larsons fantastiske teikning av mannen som målar namn på omgivelsane - "the cat", "the dog", "the house" - for å rydda opp!). Denne namnsetjinga kan vi kalla klassifisering der vi identifiserer klassar med tilhøyrande eigenskapar, eller emnetypar som det blir kalla i emnekart (Topic Maps).

Men i tillegg til denne klassifiseringa har vi ofte også behov for emneord som går på tvers. Los - vegvisar til offentlege tenester - er ei samling med emneord (eit kontrollert vokabular) for å beskriva offentlege tenester. Denne kategoriseringa går på tvers av dei klassane som er omtalt over. Også på våre eigne nettsider brukar vi denne organiseringa. Vi har emnetypar som 'Person', 'Prosjekt' og 'Publikasjon', men også emneord som 'interoperabilitet', 'kvalitetsindikator' og 'e-forvaltning' som går på tvers av emnetypane.

Ein måte å illustrera desse samanhengane kan vera ved å bruka ein bokmetafor: Klassifiseringa vil då tilsvara innhaldslista i boka medan emneorda er stikkordregisteret. Dei to strukturelementa har ikkje noko direkte med kvarandre å gjera, men begge to er viktige for å finna fram. Under er ein illustrasjon av klassifiserings- og kategoriseringsutfordringa. Begrepsbruken vår er kanskje ikkje heilt konsistent her, det er noko vi arbeider med.

Klassifisering og kategorisering