Balestrand Summit 2010: Kva slags statleg involvering treng norsk reiseliv på vegen mot berekraftmålet?

Årets tema er reiselivspolitikk. Berekraftig reiseliv vart i 2007 formulert som eit politisk mål for norsk reiseliv og under fjorårets konferanse gav reiselivsnæringa uttrykk for at myndigheitene må spele ei meir sentral rolle enn no for å oppnå dette.

I år utfordrar vi næring og myndigheiter til å seie si kva ei slik involvering kan innebere. Kva kan myndigheitene gje av økonomiske gulrøter? Og kor går reiselivet si tolegrense for lovpålegg og reguleringar?

Balestrand Summit, den årlege møteplassen for berekraftig reiseliv, går av stabelen 31. mai - 1. juni. Der møtest reiselivsnæringa, forskarar og politikarar i Balestrand for å drøfte korleis Noreg kan bli eit meir berekraftig ferieland. På programmet står mellom anna Innovasjon Norge sitt arbeid  ”Bærekraftig reiseliv 2015”, der 60 reiselivsaktørar det siste året har arbeidd med eit berekraftig reiseliv i Norge. Resultata vert vist i ein nylaga film. Vi vi også får presentert konkrete erfaringar frå berekraft-piloten Røros.

Inspirasjon frå utlandet er henta gjennom den britiske berekraft-strategen Emma Whittlesea som skal formidle korleis reiselivsgiganten Sørvest-England lukkast i å setje berekraft-ideen ut i live. På berre 3 år har dei lukkast i å rekruttere 500 bedrifter til grøne sertifikat –kva kan vi lære av motivasjon i berekraft-arbeidet?

Balestrand Summit formidlar også det siste frå forskingsfronten. Erik W. Jakobsen frå Menon Business Economics presenterer utsikter for norsk reiseliv basert på prosjektet ”Et kunnskapbasert Norge”. Transportøkonomisk Institutt legg fram ei kartlegging av turiststraumane i Norge – kvar og korleis er det turistane faktisk reiser - passar reisemønsteret inn i eit berekraftig reiseliv? Universitetet i Stavanger presenterer forsking på økonomisk berekraft og kommunane sine inntekter og utgifter frå reiselivet. Vestlandsforsking skisserer ulike scenario for eit berekraftig norsk reiseliv i 2025.

Matnyttige tips for reiselivsbedrifter vert å få på ei minimesse med representantar frå sertifiseringsordningane Norsk Økoturisme, Miljøfyrtårn og ISO. I tillegg kjem lokalmat-produsentar frå regionen, og det økologiske gardshotellet ”Frøys hus” i Fresvik.

Kvelden vert sjølvsagt markert med ein økosertifisert underhaldar, Pål Medhuus frå Høve Støtt. Kjøkensjefen på Kviknes Hotel har også i år lova ein lekker meny basert på ferske, lokale råvarer – alt etter kva årstida og Sogn kan by på.

Ei av utfordringane i eit berekraftig reiseliv er å minske utsleppa frå transport og Balestrand Summit set søkelyset på dette på to måtar: For det første vert konferansen overført på nett og kan dermed nå ut til langt fleire. For det andre premierer konferansen alle deltakarane som reiser på ein god måte til Balestrand.

Meir om konferansen

Påmeldingsskjema