Campus-seminar: Frukostseminar om "Alt ut"

I samarbeid med Teknologirådet inviterer me til Campus-seminar torsdag 15. april kl. 07.30. Temaet er "Frå Altinn til alt ut?" og handlar om frigjeving av offentlege data.

Det er Teknologirådet som arrangerer seminaret i Oslo, men det blir overført på nettet og me inviterer til eit parallelt møte der me følgjer nettoverføringa i lag.

Statsråd Rigmor Aasrud skal mellom anna orientera om regjeringa sine planar på området. Meir informasjon om innhaldet i seminaret finn du på Teknologirådet sine nettsider.

Møtet startar kl. 08.00 og det blir servert frukost frå kl. 07.30. På grunn av frukosten og møterommet treng me ei tilbakemelding frå dei som ønskjer å delta. Send ein epost til Svein Ølnes eller ein sms til 917 39 918.

Seminaret blir hjå Vestlandsforsking, på Fosshaugane Campus.

Lenke til nett-overføringa: http://www.teknologiradet.no/FullStory.aspx?m=28&amid=8999