”Privacy is gone, get over it” – personvern er forbi, det er berre å innsjå. Dette har vore uttalt av mange, men med innføringa av DLD er ein ny, stor spikar slått inn i personvern-kista.
Vestlandsforsking er i jamn og god fagleg utvikling, seier styreleiar Knut M.Olsen etter at årsrekneskap og årsmelding for 2010 er behandla i styret. År for år har forskarane auka forskingsaktiviteten og levert fleire vitskaplege publikasjonar, som er målestokken for kvalitet og aktivitet på forskingsarbeidet.
Avisa Firda har trykt ein serie artiklar basert på arbeidet i prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”. Artiklane rettar merksemd på næringsliv og næringsutvikling i Sogn og Fjordane.
IT forum Sogn og Fjordane v/Breibandforum arrangerer i samarbeid med KRD/SD konferansen "Neste generasjons breiband - for heile Norge" på Gardermoen 4. april.
Felles IKT-utvikling i kommunal sektor - Utfordringer og muligheter med IKT-styring og IKT-samarbeid. Det er tittelen på ein rapport frå Devoteam daVinci bestilt av ei arbeidsgruppe for samordning av IKT-utviklinga i kommunal sektor og samarbeid mellom kommunal og statleg sektor. Rapporten blir her gjennomgått med kritiske auge fordi den etter mitt syn ikkje tek omsyn til viktige prinsipp for lokalt sjølvstyre.
Stort vedlikehaldsetterslep på bygningar og vegar gjer at kommunesektoren ligg bakpå når det gjeld tilpassing til klimaendringar. Vestlandsforsking meiner sektoren bør vurdere å redusere byggeaktiviteten medan ein tek att vedlikehaldsetterslepet. Jordvern er eit anna viktig tiltak for klimatilpassing som vert framheva i det nyleg avslutta FoU-prosjektet ”Klimaendringenes konsekvenser for kommunal og fylkeskommunan infrastruktur” på oppdrag frå KS.
Nydyrkingsressursene i Norge er begrensete. Og de ligger stort sett i lite gunstige klimasoner. Klimaendringer som bidrar til en mer ustabil og presset global matforsyning tilsier at vern av den beste matjorda er et viktig tiltak for tilpassing til klimaendringer.
We will arrange a new seminar in our series of semantic technology topics: this time about SPARQL. The seminar will be held on Quality Sogndal Hotel on Friday 25th of March, at 13.00 (GMT +1), but will also be streamed on the Net.
Vi arrangerer eit nytt seminar i serien vår om semantiske teknologiar. Denne gongen handlar det om korleis ein skal få tak i dei mange ressursane som no blir knytte saman ved hjelp av lenka data (Linked Data). Til det brukar ein spørjespråket SPARQL.
Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane lyser ut to eller tre doktorgradsstipend/kvalifiseringsstipend til toppstilling i fornybar energi, energibruk, innovasjon og regional utvikling Stillingane er knytte til det tverrfaglege Forskingsprogram om fornybar energi.
Prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane” er eit av fleire delprosjekt i ”Et kunnskapsbasert Norge” (www.ekn.no). Det overordna målet med prosjektet er å bidra til langsiktig økonomisk vekst i Sogn og Fjordane – og dermed til bevaring av livskraftige og attraktive lokalsamfunn. For å realisere dette målet skal prosjektet være faktabasert – byggjast på eit solid kunnskapsgrunnlag.
På den årlige konferansen til forskningsprogrammet Miljø 2015 la Vestlandsforsking, SIFO og NTNU fram resultatene fra sitt felles prosjekt om friluftsliv og bærekraftig forbruk.