Svart dag for personvernet

”Privacy is gone, get over it” – personvern er forbi, det er berre å innsjå. Dette har vore uttalt av mange, men med innføringa av DLD er ein ny, stor spikar slått inn i personvern-kista.

 

Med Høgre si støtte har Arbeiderpartiet i dag fått fleirtal for innføring av Datalagringsdirektivet (DLD) i Stortinget. Med det er det innført eit heilt nytt prinsipp i arbeidet mot kriminalitet: Alle er i utgangspunktet mistenkte og skal overvakast slik at politiet i etterkant kan sjekka om noko ulovleg har føregått. Det vanlege i ein rettsstat som Norge er at alle er uskuldige inntil det motsette er bevist, og at det trengst særskilt løyve for å driva overvaking.

I diskusjonen om DLD har det prinsipielle ved direktivet vorte prøvt halde tilbake til fordel for det føremålstenlege. Det er prinsipielt urovekkjande at all kommunikasjon skal registrerast fordi det kan føra til betre oppklaring av kriminalitet seinare. Tidlegare direktør i Datatilsynet, Georg Apenes, omtalte direktivet som ”totalitært svermeri”, og har etter Høgre si støtte til AP kunngjort at han vil melda seg ut av partiet.

Når ei prinsipiell grense først er broten, kan andre avgrensingar fort stå for fall. Krav om at også innhaldet i kommunikasjonen må lagrast, vil ganske sikkert snart komma.

Helga Pedersen i AP uttalte følgjande i debatten: ”Om DLD kan redda eitt einaste barn frå mishandling, er det verdt det”. Det er ein ekstrem føremåls-rasjonalitet som sjølvsagt opnar for det meste om den skulle takast på fullt alvor. Om eitt einaste barn kan reddast frå overgrep, kan vi vel like godt installera overvakingsutstyr i alle heimar først som sist?

Men Justisdepartementet framhevar det prinsipielle i saka i St.prop. 49, sjølv om dei konkluderer med tilråding av direktivet:

opplysningane skal lagrast for eit nytt føremål

dette inneber endringar i gjeldande rett

målet er å ha data tilgjengeleg i tilfelle nokon utfører ei straffbar handling – dette er nytt

samla sett er det eit steg i retning av meir overvaking og kontroll med innbyggjarane, noko som utgjer eit inngrep i personvernet

Men i staden for å vera ærlege om at det er ei svekking av personvernet, omtalar forkjemparane av DLD det som ei styrking av personvernet. Også Høgre har eit stort behov for å påvisa tiltak som styrkar personvernet, trass i at dei går med på innføring av direktivet. Dette minner urovekkjande mykje om George Orwells "1984 – Store bror ser deg" og nytale (”Krig er fred”, ”Friheit er trelldom”, ”Uvitenheit er styrke”).

Høgre si støtte til DLD fell mange Høgrefolk tungt for brystet, naturleg nok. Høgre har alltid vore eit parti som set individet og individets rett til eit privatliv, høgt. Sjølv om partiet også ofte støttar politiet sine krav, er det likevel oppsiktsvekkjande at dei bryt med sentrale prinsipp i personvernet. Asker og Bærum Budstikke (”Budstikka”), ei avis som ligg nokså nær det klassiske Høgre, har ein uvanleg krass omtale av Høgre sitt standpunkt i saka.  Også stortingsrepresentant Michael Tetzschner advarer i Aftenposten i dag (4. april) mot å binda Høgre-representantane i ei så viktig prinsipiell sak.

Det er også vanskeleg å forstå det hastverket AP (og Høgre) har i denne saka. Om kort tid kjem ei evaluering av DLD frå EU sjølve. Etter at innføringa vart stansa i Tyskland av tysk rett, og fleire andre EU-land har uttrykt seg skeptiske til innføringa, har EU vorte tvinga til å gå ein ny runde. Det ville ikkje vore meir enn rett og rimeleg at Norge venta på evalueringa og såg kva endringar som er på gang i EU.

Mange har engasjert seg i DLD-saka, og mange har skrive klokt om dilemmaet vi står overfor, mellom anna Tom Sudmann Therkildsen på bloggen sin:

Personvern er et verdispørsmål. Det handler om å sette grenser for formålsrasjonaliteten slik at vi mennesker fortsatt skal ha mulighet til å leve våre mer eller mindre vellykkede liv, uten frykt for overvåking, mistanke og potensielle overgrep. Å streve etter et samfunn uten kriminalitet og forbrytelser er et edelt mål, men det er mange virkemidler vi bør nei til på veien mot et slikt samfunn. Vi trenger tilbørlig respekt for hva teknologi kan brukes til, og misbrukes til. Og noen ganger er det helt nødvendig å si klart fra om at hensynet til det som isolert sett kan være nyttig går på bekostning av det som er riktig.