Klimatilpassing – kva gjer vi?

Stort vedlikehaldsetterslep på bygningar og vegar gjer at kommunesektoren ligg bakpå når det gjeld tilpassing til klimaendringar. Vestlandsforsking meiner sektoren bør vurdere å redusere byggeaktiviteten medan ein tek att vedlikehaldsetterslepet. Jordvern er eit anna viktig tiltak for klimatilpassing som vert framheva i det nyleg avslutta FoU-prosjektet ”Klimaendringenes konsekvenser for kommunal og fylkeskommunan infrastruktur” på oppdrag frå KS.

Prosjektet er gjennomført av Vestlandsforsking, Sintef  Byggforsk og Bjerknessenteret.  Dei har sett nærare på konsekvensar av klimaendringar, aktuelle tiltak og hindringar for tiltak på desse fagområda:  arealforvaltning, vassforsyning, avløps- og overvatnhandtering, offentlege bygg, offentleg transport og transportinfrastruktur, kraftoverføring og elektronisk kommunikasjon.

Det er utarbeidd seks rapportar om temaet. På prosjektsida til prosjektet finn de meir informasjon og lenker til alle rapportane.


Pressemelding: Jordvern er et viktig klimatilpasningstiltak

Sjå også KS-sine nettsider for meir informasjon.

Innslag i Vestlandsrevyen, 28.03.2011

Offentlege bygg forfell som aldri før, NRK Sogn og Fjordane, 28.03.2011

Ein av 5 lever med rasfare, Nrk Sogn og Fjordane, 29.03.2011

19.423 lever med rasfare, Sogn Avis 29.03.2011

73.000 nordmenn lever med rasfare, TV 2 Nyhetene, 30.03.2011

Hus mest utsett for klimaendringar, BT, 01.04.2011