Reiseliv

Vestlandsforsking har ei brei tilnærming til reiseliv som forskingsfelt. Vi forskar på næringa sitt arbeid med klima, miljø og berekraft, og korleis reiselivsbedrifter kan auke verdiskapinga si  gjennom innovasjon, entreprenørskap og opplevingsturisme.

Denne tverrfaglege forskargruppa har seniorforskarar med bakgrunn innan samfunnsgeografi, statsvitskap, naturforvaltning og landbruksøkonomi, idrett og friluftsliv, entreprenørskap og innovasjon, etnologi og humanøkologi. Vi har dessutan med forskarar med bakgrunn frå IT og regional utvikling, og frå internasjonal reiselivsforsking.  Forskarane har samarbeidd tett med aktørar i reiselivsnæringa og landbruket.

Reiselivsforskarane samarbeider med fleire forskingsmiljø i og utanfor Noreg. 

Sentrale forskingsfelt er berekraftig reiseliv og friluftsliv, klimatilpassing i reiselivet, kulturbasert reiseliv, rural turisme, opplevingsturisme og digitale løysingar for reiselivet. 

Reiselivsgruppa har leidd fleire store forskingsprosjekt dei siste tiåra, med finansiering frå Noregs forskingsråd, Regionalt forskingsfond Vestland og EU-kommisjonen, gjennom til dømes Horisont2020. I tillegg utfører vi oppdrag for kommunar og fylkeskommunar, men òg organisasjonar og private aktørar i reiselivet.

 

Publikasjonar

Artiklar

  • Tre reiselivsforskarar

    Det nye Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv lanserer no si eiga nettside.
    – Her finn du informasjon om kven vi er, kva vi arbeider med og kvar du finn oss, seier senterleiar Agnes Brudvik Engeset.

  • to forskarar utanfor bygg

    Vestlandsforsking er midtvegs i eit spennande oppdrag for sin eigen reiselivsregion. Forskarane bak studien av tolegrenser og mogelegheiter trekker på erfaring frå prosessar i Hardanger og på Svalbard.
    – Sidan vi veit at det er venta stor vekst i reiselivsregionen vår, er det viktig at innbyggarane er nøgde, seier Engeset om studien, som er tinga av Visit Sognefjord.

  • Agnes B. Engeset framfor Engelskkyrkja i Balestrand i kvit bluse og kort, raud frisyre. Blå himmel og lett skydekke. Smiler til kamera. Ho held ei grøn notatbok framfor bringa.

    Seniorforskar Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking blir medlem av Innovasjon Norge sitt strategiske råd for reiseliv. Rådet skal mellom anna bidra til å forme Innovasjon Norge si satsing på reiseliv. – Her vil eg vil gjerne bidra med ny kunnskap basert på forsking, seier ho.

  • stefan

    Private flyreiser er eit fenomen i vekst. Frå 2019 til 2023 auka CO2-utsleppa frå dei rike sine flyreiser med 46 prosent. Det viser ny ei kartlegging gjennomført av forskingskoordinator Stefan Gössling ved Vestlandsforsking. Studien vart publisert i Nature og har fått stor mediemerksemd verda over.

  • Forskingsdagane 2024

    Mikroplast, hatprat på nett, overturisme, helsekrisa i Gaza og friluftsliv som medisin, er stikkord for noko av det Vestlandsforsking tek opp under Forskingsdagane i år. Årets første arrangement blir Vitenkveld på ViteMeir fredag 20. september, deretter Speedforsking på Campus Sogndal 26. september. Laurdag 28. september Vestlandsforsking sin stand på Amfi Sogningen. Der kan du lære om Sognefjorden si helse og andre aktuelle tema frå forskinga vår, i møte med forskarar frå Vestlandsforsking.

  • museum

    Sognebygdene er rike på kulturarv og opplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur. Kaupanger i Sogndal kommune har både stavkyrkje, folkemuseum og vitensenter innafor kort avstand. Men korleis kan desse attraksjonane brukast meir medvite for å styrke bulyst og stadidentitet? Det skal Vestlandsforsking og tre lokale aktørar sjå på i eit nytt forprosjekt.