Kunnskapsgrunnlag for tolegrenseanalyse av Eidfjord kommunesenter

Photo of Eidfjord centre
Jonsokdag i Eidfjord, 2024
Foto: Agnes B. Engeset

Vestlandsforsking har fått i oppdrag av Eidfjord kommune å utarbeide ei tolegrenseanalyse som kunnskapsgrunnlag for betre heilskapleg besøksforvaltning, og plan for berekraftig utvikling av kommunesenteret. Kunnskapsgrunnlaget skal kaste lys over 8 ulike dimensjonar knytt til vurdering av tolegrense. Eidfjord er eit tradisjonsrikt reisemål i Hardanger, har landbasert reiseliv i tillegg til å vere ei cruisehamn. Kommunesenteret er også inngangsporten til Hardangervidda med Rv7 som går gjennom senteret og vidare opp til
 

Kunnskapsgrunnlaget skal vera retningsgivande for å ta god val, slik at kommunen betre kan ivareta sosiale, kulturelle, miljømessige og økonomiske verdiar. Analysen skal seie noko om kva nivå som er riktig for å ivareta ei brei verdiskaping knytt til sosiale, økonomiske og miljømessige verdiar.
 

På sjølvaste jonsokdagen i år var Vestlandsforsking på feltarbeid og her fann vi eit livleg kommunesenter. Eidfjord har lange tradisjonar for reiseliv og her finst både overnattingsstadar, etestadar og ein cruisekai. Samtidig går Rv7 gjennom Eidfjord og dannar inngangsporten til Hardangervidda, noko som tiltrekk mange reisande. I tillegg er Eidfjord kommunesenteret for innbyggarane, som kjem hit for ulike teneste og gjeremål.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Eidfjord kommune
Prosjektnummer:
6690