Skal forske på korleis kulturarven kan løfte lokalsamfunnet

museum

Sognebygdene er rike på kulturarv og opplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur. Kaupanger i Sogndal kommune har både stavkyrkje, folkemuseum og vitensenter innafor kort avstand. Men korleis kan desse attraksjonane brukast meir medvite for å styrke bulyst og stadidentitet? Det skal Vestlandsforsking og tre lokale aktørar sjå på i eit nytt forprosjekt.

Sjå for deg ein varm junidag når villblomane i grøftekanten er på sitt vakraste og insekta summar. På folkemuseet er beitedyra på plass for sommaren. Rundt står klyngjer av gamle trehus frå Sogn, og turistar vandrar innom røykstover, stabbur, fjøs og loft og ein staseleg prestebustad frå 1700-talets Vik.

Stavkyrkje
Kaupanger stavkyrkje ligg ved Kaupanger Hovedgård i Amlabukti. Ho er ei av to stavkyrkjer som framleis er i bruk. (Foto: Agnes B. Engeset)

På leikeplassen ved hovudbygget leikar ungar med lafteklossar og trestylter. Frå kafeen kjem ei fristande lukt av hellekaker og nytrakta kaffi, og i solveggen utanfor museumsbygget har eit par eldre turgåarar slått seg ned for å nyte stemninga.

Den idylliske ramma eit slikt museum byr på, kjenner mange området, som både i snø og sommarsol har besøkt museet med ungar, besteforeldre eller sommargjester. Dei gamle husa og gjenstandane er ikkje berre noko dei kjem for å sjå og lære om, kulturarven gir òg ei ramme for avslapping, samvær, utforsking og leik.

Desse opplevingane ein kan få til i skjeringspunktet mellom natur og kultur, er utgangspunktet for eit forprosjekt Vestlandsforsking starta i august, med Kaupanger-området som case.

Tre lokale aktørar

Dei tre aktørane Vestlandsforsking har med seg i forprosjektet Ombook, er Sogndal kommune, De Heibergske samlinger – Sogn folkemuseum og Kaupanger Hovedgård. I tillegg er Sogn Næring med som observatør. Prosjektdeltakarane møttest første gong i august og skal jobbe i lag ut august 2024. Midlane kjem frå Regionalt forskingsfond Vestland.

–  Museet er ein etablert kulturattraksjon, medan hovedgården førebels ikkje har eit fast tilbod for turistar eller fastbuande. Sogndal kommune har i samfunnsplanen lagt vekt på korleis kulturarv kan gjera lokalsamfunna betre å bu i, utdjupar forskar og kulturhistorikar Agnes B. Engeset, som leier arbeidet.

Ombook-deltakarar
Desse deltok på oppstartmøtet i Ombook, frå venstre: Sigrid Skjerdal og Karoline Myklebust frå Sogn Næring, Aud Ross Solberg frå De Heibergske samlinger – Sogn folkemuseum, Håvard Ese Eliassen frå Sogndal kommune, Christoffer Knagenhjelm frå Kaupanger Hovedgård, og Steinar Nes frå Sogndal kommune og Agnes Brudvik Engeset frå Vestlandsforsking. (Foto: Sogn folkemuseum)

Kanskje skape nytt

Fjordmuseet
"Historia til sogningane let seg ikkje forstå utan at fjorden og kulturen kring gjeremåla på fjorden har ein sentral plass", skriv Sogn Fjordmuseum. Denne delen av museet ligg ved fjorden i Amlabukti. (Foto: Agnes B. Engeset)

Til no har ho mellom anna gjennomført intervju med folk som brukar tilboda på ViteMeir, det nye vitensenteret som ligg ein kort tur unna museet, og på Sogn folkemuseum.

–  Målet vårt er å undersøke korleis ein kunne ha forbetra opplevingane på Kaupanger. Kanskje kan ein skape noko nytt som både er til glede for fastbuande og besøkande, med utgangspunkt i den materielle kulturarven og dei lett tilgjengelege turområda rundt, seier Engeset. Det finst samanhengar som ikkje er utnytta til fulle, til dømes fortalde ein entusiastisk informant om ein raud tråd mellom baking av potetlefser på museet til eksperiment på Smakslaben på ViteMeir. Og der museet viser før-industrielle måtar å nytte fossekraft på, med kvernkallar og møller, har ViteMeir interaktive utstillingar om vasskraft og energi.

Om ein kan skape noko nytt med utgangspunkt i dei flotte attraksjonane bygda har, blir tema for ein arbeidsverkstad i desember.

Meir kunnskap om kulturturisme

Noko av bakgrunnen for prosjektet, er at Norge som reisemål har behov for meir kunnskap om kulturturisme, som kan spele ei viktig rolle i å gjere reiselivet meir berekraftig. Det går på at kulturopplevingar kan gje større inntekter enn naturbasert turisme. Kulturinteresserte turistar er truleg òg meir villige til å ta miljøvenlege val enn turistar flest.

Glaværstova
Attmed fjordmuseet ligg Glaværstova, den eldste baren i Sogn, henta til Amlabukti frå Søre Glavær i Gulen. - Her kan ein drøyme om å få til shantysong rundt bålet, med alle sansar i sving, seier Agnes B. Engeset.

– I 200 år har turismen handla om fjell, fjordar og brear. At bygdene i Sogn er kjende for mektig natur, gjer at opplevingar knytt til kulturarv kan hamne i skuggen av dei spektakulære naturopplevingane, seier Engeset. 

Halde oppe og utvide tilbod

Å halde oppe og utvikle tilboda i lokalsamfunnet er ein annan viktig grunn til at prosjektet kom i stand. Samfunnsplanen til kommunen er tydeleg på at ein skal ta kulturarven i bruk for å styrke lokalsamfunnet. Engeset er òg oppteken av at kulturarven ikkje berre skal vere på utstilling for turistar, men bidra til lokal og regional utvikling.

– Det kan heilt klart styrke stadidentitet og bulyst, seier Engeset.

Forprosjektet skal òg sjå på korleis Kaupanger kan utvikle seg vidare som kulturbygd med vekt på det konkrete. Finn folk fram? Er informasjonen om opplevingstilbodet god nok? Mellom anna skal dei prøve opplevingar som blir tilbydde i dag, med tanke på om alt glir godt.

– Kanskje er det ein liten vri, på noko som allereie finst, som skal til for å skape gode opplevingar? Kan vi sy betre saman dagens kulturtilbod. Eller trengst det noko nytt?