Kunnskapssenteret får si eiga nettside

Tre reiselivsforskarar
Anna Maria Urbaniak-Brekke, Agnes Brudvik Engeset og Kristin Løseth er alle del av senterleiinga for Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv. Engeset er senterleiar, og Anna Maria har spesielt ansvar for økonomi. Ove Oklevik ved Handelshøgskulen HVL er det fjerde medlemmet i senterleiinga. Foto: Idun A. Husabø

Det nye Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv lanserer no si eiga nettside.
– Her finn du informasjon om kven vi er, kva vi arbeider med og kvar du finn oss, seier senterleiar Agnes Brudvik Engeset.

Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv er eit samarbeid mellom forskarar, aktørar i reiselivsnæringa og offentleg forvalting. Senteret vart starta opp i 2025 og er leia av Vestlandsforsking.

No er nettsida til det nye senteret på plass. På reiselivssenter.no finn du nytt frå senteret og litt om det dei har gjort til no.

– Nettsida blir eit slags digitalt visittkort. Dei som har spesiell interesse for reiseliv, vil òg ha nytte av å abonnere på nyheitsbrevet vårt og følgje oss på LinkedIn, seier senterleiar Agnes Brudvik Engeset.

Nettside for reiselivssenteret
Nettsida og logoen til reiselivssenteret (oppe til venstre) er utvikla av Béatrice Bieuville.

Same kontorstad som før

Det mange spurde om då etableringa vart kjend, var om ho skulle byte jobb og kvar det nye senteret skulle ligge».

Engeset understrekar at senteretableringa verken inneber nye stillingar eller kontorlokale.

– Først og fremst er det ei samling, synleggjering og styrking av forskingskompetansen til Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet, der fleire forskarar jobbar med temaet berekraftig reiseliv, seier Engeset.

– De finn oss her på nettsida, men dei involverte forskarane held til der dei har gjort, på Campus i Sogndal, i lokala til Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet.