Natur- og miljøforvaltning

Forskinga på natur- og miljøforvaltning tek opp i seg spørsmål knytt til ressursforvaltning, arealplanlegging, konsekvensutgreiingar, endringar i arealbruk og bruk og vern. Døme på aktuelle problemstillingar er konflikthandsaming og kva for verdiar ein legg vekt på i samband med større naturinngrep og korleis kan ein kome fram til eit godt kunnskapsgrunnlag for å utøve berekraftig arealforvaltning. I mange prosjekt har vi arbeidd med samproduksjon av kunnskap mellom brukarar (t.d. bønder og kommuneplanleggjarar) og forskarar som eit middel for berekraftig forvaltning av areal og ressursar.

Naturbruk er òg ein del av dette forskingsområdet. Kunnskapsutviklinga her handlar om tradisjonelle og nye friluftslivsaktivitetar, der døme på nye aktivitetar er stisykling og alpin skigåing. Vi ser på korleis lokalbefolkning og andre grupper brukar utmarka og korleis ulik bruk kan kombinerast for å skape attraktive lokalsamfunn og berekraftig bruk. Vestlandsforsking analyserer òg samspelet mellom tradisjonelt friluftsliv, kommersiell reiselivsaktivitet og styresmaktene si tilrettelegging og regulering. Problemstillingane på forskingsområdet er tverrfaglege og involverer fag som sosiologi, geografi, økonomi og miljøkunnskap.

Dei viktigaste akademiske samarbeidspartane på dette feltet er Høgskulen på Vestlandet, Nordlandsforskning, Norsk institutt for naturforskning og University of the Highlands and Islands (Storbritannia).

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar

  • Mann og kvinne i boblejakke og hue med ryggsekk. Nordleg natur og skyer bak

    Ein sosialantropolog og ein samfunnsgeograf utgjer Vestlandsforsking si arktiske forskingsgrein. – Vi lever litt i skuggen av naturvitarane, som utgjer fleirtalet av dei som forskar på Arktis, seier Halvor Dannevig, forskingsleiar for klima og miljø.

  • To kvinner og to menn poserer framfor utsikt over Sogndal med bok

    Fire forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet fekk 17. juni prisen for beste vitskaplege artikkel under Fjordkonferansen 2021. Artikkelen formidlar funn frå forskingsprosjektet Surround, som handlar om stadutvikling i Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim.

  • Forskar tek vasspøve

    Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Vestlandsforsking får 2,9 millionar kroner av Regionalt forskingsfond vest til å utvikle nye forvaltingsverktøy for å kartleggje og vurdere korleis klimaendringane leier til spreiing av miljøgifter i elvane, vatna og fjordane våre.

  • Seminar
    Er fleirbruk av utmark mogeleg utan konflikt?

    Det treårige prosjektet Forvaltningssystem for fleirbruk av utmark hadde formidlingsseminar i Sogndal 5. juni med framlegging av resultat frå prosjektet. Det var 24 deltakarar på konferansen frå kommunar, frivillige organisasjonar, skular, reiseliv og grunneigarar.
    Sjå program lenger ned for presentasjonar

  • Aktuelt
    ""

    Dersom målet er ingen alvorlege ulykker ved Nigardsbreen er skriftleg informasjon ved Nigardsbreen ikkje tilstrekkeleg, sa forskar Eivind Brendehaug til møtelyden som drøfta tiltak for å sikre turistane ved Nigardsbreen.

  • Aktuelt
    The 5th International Conference on Climate, Tourism and Recreation

    I sommer har forskere fra 15 ulike land vært samla i Umeå i Sverige for å diskutere forskning fra feltet reiseliv og klimaendringer. Ida Marie Gildestad representerte Vestlandsforsking.