Mann og kvinne i boblejakke og hue med ryggsekk. Nordleg natur og skyer bak

Ein sosialantropolog og ein samfunnsgeograf utgjer Vestlandsforsking si arktiske forskingsgrein. – Vi lever litt i skuggen av naturvitarane, som utgjer fleirtalet av dei som forskar på Arktis, seier Halvor Dannevig, forskingsleiar for klima og miljø.

Kulde og mørke, barsk natur. Nordområda har alt dette, men òg utrulege naturressursar, samisk kultur og eit kvardagsleg naboskap med Russland.

For Ragnhild Freng Dale og Halvor Dannevig, begge forskarar ved Vestlandsforsking, er klimaendringane ein viktig grunn til å rette blikket nordover.

Ikkje berre merkar nordområda klimaendringane først og mest; naturen er i tillegg sårbar, og det er mange som gjer krav på ressursane.

– Det er lett å kome inn i ein tankegang om at alt i nord er «fascinerande» og «spennande». Det skapar ein litt «nykolonial» tankegang om at desse områda må forvaltast på ein spesiell måte fordi dei er så annleis, seier Ragnhild.

Longyearbyen i nysnø. Fargerike bygg og kvit bakgrunn
Longyearbyen på Svalbard, der Vestlandsforsking nyleg gjennomførte det første feltarbeidet sidan før pandemien. Instituttet deltek for tida i tre klima- og miljøprosjekt i arktiske område.

Tre forskingsprosjekt

Vestlandsforsking er for tida aktive i tre forskingsprosjekt om polare problemstillingar – alle tematisk knytt til klima og miljø. To av prosjekta er store og involverer forskarar i fleire land. Face-It dreier seg om naturmangfald og livsgrunnlag i nord, som korleis ein bør forvalte fjordsystema på Svalbard i lys av klimaendringane. I Justnorth står etikk sentralt: Korleis fordeler ein byrdene ved grøn omstilling, til dømes når selskap får byggje ut vindkraft i samiske område som er i bruk til nærings- og kulturutøving?

I det tredje prosjektet, Balancing Act, handlar det om berekraftig reiseliv på Svalbard. Korleis kan ein skape nye og berekraftige reiselivsaktivitetar i krysspresset mellom norsk forvaltning og Svalbard-politikk, FNs berekraftsmål, Parisavtalen, klimaendringar og lokale haldningar til turisme?

I prosjektet samarbeider forskarar frå Nordlandsforsking, Vestlandsforskning, UNIS, NINA og Brown University med turistaktørane Association of Arctic Expedition Cruise Operators (AECO) og Visit Svalbard.
Felles for prosjekta er at viktig feltarbeid har stått på vent under pandemien. Men i slutten av september vart det endeleg mogeleg å ta den lange flyturen til Longyearbyen. Halvor og Ragnhild reiste nordover saman med professor Grete K. Hovelsrud og seniorforskar Julia Olsen frå Nordlandsforsking, som begge har forska mykje på Svalbard tidlegare. Eit par besøk til prosjektpartnar UNIS vart det òg tid til under opphaldet. 

Starta i Cambridge

Nordområda fascinerer mange. Men kva med desse to – Ragnhild frå Bergen og Halvor frå Hamar – drøymde dei om isbjørnar og nordlys frå tidleg av, som jentungen Lyra i Philip Pullmans bokunivers?

Kvinne på RIB-båt ved isbre og fjord med isflak. Godt kledd, smiler til kamera.
Ragnhild si forsking følgjer i dag tre parallelle spor: klima- og miljøendringar, ressursjakt og urfolk i nord. Her på RIB-tur på Isfjorden.

Ragnhild fann faktisk vegen nordover via eit hundre år gamalt polarinstitutt i Cambridge som har ein heil del til felles med Lyras Oxford. Scott Polar Research Institute er Cambridge sin eldste møtestad for oppdagarar og polarforskarar, og det vart grunnlagt til minne om nettopp Robert Falcon Scott, han som tapte kappløpet mot Sørpolen, slått av Roald Amundsen og Fram-ekspedisjonen – og aldri kom heim i live. I dag jobbar både naturvitarar, samfunnsvitarar og humanistar ved instituttet, og forskar på alt frå klimaendringar til tidlegare tiders historieskriving om polane – det siste med eit kritisk blikk.

Ein oljeby i nord

For sosialantropologar inneber ein doktorgrad lang tid, kanskje år, i felten. Ragnhild hadde eigentleg planlagt å forske på oljeindustriens jakt etter svart gull utanfor kysten av Grønland. I staden vart det Finnmark, der ein ny oljeby var i ferd med å vekse fram på den vêrharde kysten, i takt med at Equinors landanlegg for flytande naturgass fekk selskap av oljeplattforma Goliat i Barentshavet.  

Gjennom molteplukking, samtalar på butikken og avtalte intervju med nøkkelpersonar i Hammerfest gjennom eit heilt år, bygde Ragnhild seg eit bilete av forholdet mellom storskala industri og lokalsamfunn.

– Eg studerte på eit vis omstilling til petroleum. Byen gjekk gjennom ei materiell omskaping. Gradvis vart slitne hus med avflassa måling på veggane erstatta av flotte signalbygg og oppvarma fortau, fortel Ragnhild.

Før ho gjekk i gang med feltarbeidet, tok ho eit kurs i nord-samisk ved Samisk Høgskole, eller Sámi allaskuvla, som ligg i Kautokeino.

– Det var ein måte å vise respekt på. Som vestlending og sørnorsk forskar ville eg bruke litt tid på å opparbeide meg kulturinnsikt og forståing.

Denne innsikta har vore nyttig i møte med interessekonfliktar om til dømes reinbeite og vindkraft eller mineralutvinning. Visste du til dømes at å teie stilt i ei konflikt kan bety noko anna i samisk enn i norsk kultur?

– Stillheit kan bety nei. Å la vere å møte opp, kan på same vis bety eit nei til heile prosessen, utdjupar Ragnhild.

Frå Himalaya til Lofoten

Kunnskapen Halvor har med seg nordover, er av ein litt annan karakter. Samfunnsgeografen har lang fartstid som fjellførar. Han taklar altså kulde, is og frysing og veit ein heil del om brear og røff natur. I masteroppgåva frå Universitetet i Bergen studerte han korleis nepalske bønder i Himalaya tilpassa vassforvaltninga si til krympande brear og ny teknologi.

At han kom borti arktiske samfunn, handlar om at han i si første forskarstilling ved Cicero Senter for klimaforskning i Oslo, fekk tildelt Lofoten som case. På denne tida, for rundt 15 år sidan, var Cicero og Vestlandsforsking blant dei første i Norge til å studere følgjer av klimaendringar for samfunnet, også kalla «klimasårbarheit».

By i Arktis sett frå fly. Bebyggelse og fjell
Longyearbyen sett frå lufta. (Foto: Ragnhild Freng Dale)

– Problematikken gjeld i høgste grad nordområda, som får meir av den globale temperaturauken enn oss i Sør-Norge, og som har skjørare økosystem, seier Halvor.

Derifrå har snøballen rulla, og det har blitt turar til både Grønland, Alaska og Svalbard, i tillegg til Nord-Norge. I sju år har Halvor vore medlem i den samfunnsvitskaplege arbeidsgruppa til den internasjonale arktiske vitskapskomiteen (IASC). I to av desse åra var han nestleiar.

Frå gruvedrift til turisme

I Longyearbyen møtte dei fire forskarane ei reiselivsnæring som er i ferd med å reise seg att etter pandemien. Då kolgruva i Svea blei lagt ned, forsvann ein berebjelke for lokalsamfunnet. Regjeringa har peika på turismen for å fylle noko av tomrommet, og i åra fram mot pandemien har reiselivsnæringa på Svalbard opplevd kraftig vekst.

Så mange turistar har det komme, at dei fastbuande nok tykte det var i meste laget.

Scene med panel og utspørjar, lerret i bakgrunnen. Publikum i salen
Kor mykje turisme Svalbard toler i framtida, vart diskutert på folkemøtet Longyearbyen lokalstyre heldt 21. september. (Foto: Halvor Dannevig)

– Vi fekk delta på eit folkemøte om lokalsamfunnsplanen for Longyearbyen. Der var gjennomgangstonen at ein ikkje skulle ha ytterlegere auke i turismen. I tillegg håpte folk at dei som kom, ville bli der lenger, fortel Halvor.

Som mange andre lokalsamfunn, vil innbyggjarane i Longyearbyen heller ha færre turistar som blir lenger og legg att meir pengar, enn mange turistar som kjem for kortare tid.

– Mange ga òg inntrykk av å ha sett pris på den pausen pandemien innebar for reiselivet, seier Ragnhild.

Ikkje rim i skjegget

Studiar av livet i arktiske område omfattar heile spekteret av humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Likevel er det ikkje til å stikke under ein stol at Arktis i hovudsak har vore naturvitarane sitt domene.

– Vi lever framleis litt i skuggen av naturvitarane som forskar i nord. Tidlegare var det nok litt slik at «human dimensions» var noko naturvitarane føydde til søknadene sine for å få forskingsmidlar, seier Halvor spøkefullt. Slik er det heldigvis ikkje i prosjekta dei jobbar med no.

Feltarbeid i Arktis kan høyrast fengslande ut. Det er lett å gå seg vill i førestillingar om isflak, forskingsfartøy og måleinstrument i snøføyk. Men det vi skal vi sjå for oss i staden, liknar meir på det Raghild og Halvor fylte dagane sine med i slutten av september – folkemøte på samfunnshuset, samtalar og intervju. Alt dette planla og gjennomførte dei saman med partnarane i Nordlandsforsking og Visit Svalbard. Med eit slikt samarbeid og fire forskarar i felt, rakk dei over svært mykje på få dagar i Longyearbyen - òg nokre turar utanfor tettstaden.

 – Vi undersøker jo ofte korleis lokalsamfunna handterer større endringar som skjer. Då snakkar vi med grupper i lokalsamfunna det gjeld, seier Ragnhild.

Enkelt og greitt – og ganske fritt for ekspedisjonsutstyr og polar-glamour.

– Alle skjønar at samfunnsfag er viktig, men det er ikkje denne forskinga som gir deg rim i skjegget, flirer Halvor.

Mann fotograferer gamal mast med mobilen sin
Gruvedrifta var berebjelken i det norske samfunnet på Svalbard gjennom meir enn 100 år. Eitt av kulturminna som står att, er desse mastene. (Foto: Ragnhild Freng Dale)