Forskar for å berge vatnet vårt

Forskar tek vasspøve

Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Vestlandsforsking får 2,9 millionar kroner av Regionalt forskingsfond vest til å utvikle nye forvaltingsverktøy for å kartleggje og vurdere korleis klimaendringane leier til spreiing av miljøgifter i elvane, vatna og fjordane våre.

– Det har vore for lite merksemd rundt korleis klimaendringar kan auke faren for og skader av miljøgifter og ureining. Eg gler meg til å auke kunnskapen om dette, og gje forvaltninga nye samhandlingsformer og verktøy for å handtere slike truslar, seier forskar og initiativtakar Torunn G. Hønsi.

RFF ga 2.9 millionar kroner til vassforskingy
Endre Høgalmen og Merete Farstad frå SFFK med initiativtakar Torunn G. Hønsi frå Vestlandsforsking. Foto: A.S. Sylvarnes

Klimaendringar vil gje meir nedbør, større erosjon og meir avrenning av næringssalt, organisk materiale og miljøgifter frå både industri, søppelplassar og landbruk. Dette påverkar vasskvaliteten og vassmiljøet. Miljøgifter vert sakte brote ned i naturen, dei kan bli konsentrert i næringskjeder og dei kan spreie seg over store avstandar med havstraum og vind.

– Det er difor viktig at forvaltninga samarbeider godt og får meir kunnskap og oversikt over lokale miljøgiftkjelder, fortel Hønsi. Det nye prosjektet skal forske fram ny kunnskap og utvikle nye tilpassa verktøy for kartlegging, risikoanalyse og handtering av slike utfordringar, i samproduksjon med forvaltninga.

Nye samarbeidsformer

I tett samarbeid med ei nasjonal ekspertgruppe og partnarar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå vil prosjektet utvikle det nye digitale verktøyet «miljøgiftkartleggjaren» for å identifisere og kartfeste fleire lokale kjelder i Miljødatabasen Grunnforureining. Prosjektet vil også utvikle ein GIS-støtta ROS-analyse for å vurdere kva effekt klimaendringar på spreiing av miljøgifter og konsekvensar for vassmiljøet.

Tre regionar

Prosjektet byggjer på forprosjektet TOKSKLIM, som var støtta av RFF Vest, og gjennomført av Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2016-2017.

Det nye hovudprosjektet inkluderer også NTNU, Vestfold fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestfold, Fylkesmannen i Trøndelag og Tønsberg kommune. Prosjekteigar er Sogn og Fjordane Fylkeskommune, der vassregionkoordinator Merete Farstad er prosjektleiar.