Digitalisering i offentleg sektor

Arbeidet vårt på dette området tek i stor grad utgangspunkt i kommunane sine utfordringar. Men i mange av prosjekta er det også naturleg å trekkja inn statleg sektor sidan ei heilskapleg tilnærming er nødvendig for å få eit godt resultat av digitalisering i offentleg sektor. Nettverket  IT-forum Sogn og Fjordane er ofte den koordinerande plattforma for offentlege digitaliseringsprosjekt.

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar

  • Aktuelt
    ""

    Det nye IT-studiet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Førde, vart opna i går i samband med oppstart av det nye studieåret. Rundt 25 studentar har valt å studera informasjonsteknologi ved det nyoppretta bachelor-studiet.

  • Konferanse
    ""

    Korleis fremje språkutvikling gjennom IKT? Korleis få koding inn i skulen? IT-forum samlar krefter frå fylket og nabofylka til konferanse om bruk av IKT i oppvekst og utdanning 22.-23. november.

  • Konferanse
    "Svein Ølnes St. Petersburg"

    Forskar Svein Ølnes heldt opningsforedraget (keynote) på årets eGov/ePart-konferanse i St. Petersburg.