Robotgrasklyppar for frukthagar (RoCutO)

Produksjonen av frukt og bær har lang tradisjon på Vestlandet og frukt- og bærdyrking har fram til i dag vore ein viktig økonomisk sektor. Mange produsentar slit med å bli konkurransedyktige på grunn av høge lønnskostnader.

Prosjektet RoCutO har som mål å utvikle en autonom robotgrasklyppar for frukthagar for å avlaste produsentar frå å handtere manuelt botndekke. Det er ikkje ønskeleg med overdriven ugrasvekst under frukttre og bærbusker, sidan underavlingsvegetasjon konkurrerer med frukttre og bærbusker om vatn og næringsstoff og kan redusere både avling og plantevekst. I motsetning til annan landbruksklypping, er det å klyppe gras i frukthagar ei utfordrande oppgåve. Den tronge plassen i frukthagar og plassering i terreng som ofte er bratt, hindrar bruk av traktorar og konvensjonelle tunge maskiner. Klypperobotar til hushaldningsbruk har ofte ikkje tilstrekkeleg skjering, mobilitet og navigasjonskapasitet og nødvendig robustheit for bruk i landbruket. RoCutO vil fylle dette gapet ved å integrere nok skjerekapasitet i ein liten, men robust, 4x4 mobil robot plattform som er utstyrt med kamera og sensorsystem for intelligent navigasjon i et røft og dynamisk miljø.

Et slikt robotsystem har umiddelbar verknad i frukt- og bærproduksjon på Vestlandet, spesielt i regionane Sogn og Hardanger. RoCutO har eit stort nyttepotensial i regionalt landbruk og kan redusere bruken av ugrasmiddel og bidra til en grønare økonomi. Forskargruppa ved HVL har eit eksisterande samarbeid med stordatagruppa ved Vestlandsforsking som kan støtte utviklinga av algoritmar for å analysere dei potensielt store mengdene sensordata som blir samla inn av roboten. Vestlandsforsking har nære relasjonar til landbruksprodusentar i Lærdal, noko som òg er gunstig for å etablere kontakt med den målretta brukargruppa i regionen.

Prosjektleiar er Martin F. Stølen ved Høgskulen på Vestlandet, og kontaktpersonen ved HVL er Erik Kyrkjebø.

Prosjektside hjå HVL

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Høgskulen på Vestlandet
I samarbeid med:
Høgskulen på Vestlandcet
Prosjektnummer:
6668
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: