Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Stiftinga Vestlandsforsking er partane i prosjektet FORREGION Vestland. Mobiliseringsprosjekta er knytt til Norges forskingsråd (NFR) si satsing FORREGION; Pilar 1; MOBILISERING.

Formålet med prosjektet er å mobilisere næringslivet til i større grad å nytte forsking i innovasjonsarbeidet. HOVEDMÅL

Meir bruk av forsking i næringslivet som kan bidrar til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling i Vestland fylke.

DELMÅL

1) Høg kvalitet på aktivitet i prosjektet og leveranse i tråd med fastsett prosjektplan.

2) Nye samarbeidsformer om mobilisering til forsking som legg betre til rette for at bedriftene kantileigne seg og ta i bruk ny kunnskap (auka absorpsjonskapasitet)

3) Reduserte geografiske skiljeliner med omsyn til bruk av forsking mellom by og land i heile det nyefylket, og auka erfaringsdeling på tvers av sektorar.

Følgjande hovudaktivitet skal gjelde for prosjektarbeidet:

  1. Kompetansemekling:

o Kompetansemekling er å identifisere utfordringar i bedrifter som kan løysast ved forskingsinnsats, kople på relevant FoU-miljø og informere om norske og internasjonale finansieringsmoglegheiter for forsking i verksemder/næringsliv.

o Det er føresett at kompetansemekling skjer i samsvar med NFR sin «Oppdragsbeskrivelse for en kompetansemegler»

o Prosjektet skal levere mobiliseringstenester i heile Vestland fylke.

  1. Nettverksmøte:

o Nettverksmøte vert organisert av kompetansemeklarar og aktuelle samarbeidspartnarar.

  1. Mobilitet:

o Mobilitetsprosjekt omfattar både «forskar til låns» og «bedrift til FoU». «Forskar til låns» må søkjast via Forskingsrådet etter klarering i fylkeskommunen, medan prosjekt «bedrift til FoU» søkjast til fylkeskommunen direkte.

  1. Forprosjekt:

o Forprosjekt i regi av bedrift; klarerast med fylkeskommunen og søknad sendast via forskingsrådet

 

Vestland fylkeskommune - omtale

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
I samarbeid med:
Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet
Vestland fylkeskommune
Prosjektnummer:
6577
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: