Ivar Petter
Grøtte
tilsett
Stillingstittel:
Seniorforskar
Akademisk tittel:
Cand.scient.
Telefon:
Tilsett:
1988

Ivar Petter Grøtte er cand.scient. i informatikk frå Universitetet i Oslo og forskingsleiar i teknologi og samfunn. Han har over 30 års erfaring frå forskingsområdet og har fungert som forskingsleiar sidan 1993.

Grøtte har lang erfaring frå forskingsprosjekt innan felt som digitalisering i offentleg sektor, regional utvikling, e-helse og reiseliv. Han har eit stort internasjonalt nettverk og har leidd fleire EU- og Interreg-prosjekt.

I vestlandsregionen har Grøtte arbeidd med fleire store utviklingsprosjekt. Han har i fleire år fungert som sekretariatsleiar for IT-forum, der Vestlandsforsking er ein sentral aktør, saman med ein regional partnarskap av offentlege og private verksemder. Gjennom IT-forum har Grøtte vore ei viktig drivkraft for å styrke utbygginga av breiband i Sogn og Fjordane.

Innan reiseliv har Grøtte hatt ei viktig rolle i å styrke kompetanse og kunnskapsgrunnlag i næringa på Vestlandet. Dei siste åra har dette arbeidet munna ut i Strategisk program for innovasjon og verdiskaping i reiselivet, eit spleiselag mellom offentlege og private aktørar knytt til reiseliv.

 

 

 

Publikasjonar:
Prosjekt: