stordata

Artiklar

  • Rajendra og gjestestipendiatar

    I sommar er Vestlandsforsking vertskap for tre doktorgradsstipendiatar frå USA og India med faglege koplingar til teknologi- og samfunnsforskinga ved instituttet. Dei tre bringer òg med seg spennande innsikt i tema som arsen i risdyrking, kva pandemien gjorde med handlevanar i California og skogbrann i indiske tigerreservat. – Vi utvekslar erfaring og lærer av kvarandre, seier leiande seniorforskar Rajendra Akerkar.

  • gruppebilde saidd 2023

    Bør utviklinga av kunstig intelligens få halde fram i dagens tempo? Og korleis kan vi bruke teknologien til å løyse store samfunnsproblem? Slike spørsmål stod sentralt då professor Rajendra Akerkar samla ei rekkje internasjonale ekspertar innan kunstig intelligens i Sogndal 9. og 10. mai.

  • Stordataforskarar ved VF

    Vestlandsforsking står bak to større arrangement i Sogndal i mai. I tillegg til den nasjonale konferansen #Klimaomstilling 3.-4. mai, held instituttet si forskingsgruppe for kunstig intelligens og stordata eit internasjonalt symposium 9.-10. mai. Dit kjem fagfolk frå tolv ulike land.

  • Kvinne og mann smiler til kamera, står ute

    Dei nytilsette stordataforskarane Bjørn Christian Weinbach og Malin Waage deler både kontor og visjonar for stordata i næringslivet i Sogn og Fjordane. – Malin er ein forskar som vil bryne seg på programmering, medan eg er ein programmerar som gjerne vil bryne meg på forsking, oppsummerer Bjørn Christian.

  • Gruppe med vaksne forskarar av begge kjønn står oppstilt i lobby

    Denne veka startar eit større forskingsprosjekt som skal utvikle nye metodar for å stoppe skadeleg innhald på nettet, som netthets, hatprat og feilinformasjon. Prosjektet har ei ramme på 19 millionar kroner og er leia av Vestlandsforsking.
    – Det er eit ambisøst prosjekt som kombinerer forsking og innovasjon for å bidra til å løyse eit stort samfunnsproblem, seier prosjektleiar Rajendra Akerkar.

  • Robot i tunnel, bringebærplanter i bakgrunnen og publikum som ser på og tek bilete.

    Under ein gjennomsiktig teltduk i bakkane over Sognefjorden, blir lange rekker av slanke, høge bringebærskot overvaka av ein liten, gul robot. På det nyopna testanlegget jobbar forskarar med å utvikle framtidas bærnæring, med hjelp frå lokale bønder.

Publikasjonar