Internasjonale ekspertar på kunstig intelligens samla i Sogndal

gruppebilde saidd 2023
Dei 58 deltakarane på SAIDD 2023 kom frå 12 land: USA, Italia, Canada, Japan, India, Kina, Ukraina, Nederland, Slovenia, Tsjekkia, Storbritannia og Noreg (Foto: Idun A. Husabø).

Bør utviklinga av kunstig intelligens få halde fram i dagens tempo? Og korleis kan vi bruke teknologien til å løyse store samfunnsproblem? Slike spørsmål stod sentralt då professor Rajendra Akerkar samla ei rekkje internasjonale ekspertar innan kunstig intelligens i Sogndal 9. og 10. mai.

Dei rundt 58 som kom til Sogndal desse dagane for å delta på symposiet SAIDD 2023 (Symposium on AI, Data and Digitalization) under leiing av professor Rajendra Akerkar, er fagfolk og ekspertar på ulike sider ved kunstig intelligens, data og digitalisering. Forskargruppa for stordata ved Vestlandsforsking arrangerer samlinga med midlar Noregs forskingsråd har løyvd til prosjektet Intpart DTRF. Føremålet er å byggje nettverk og fremje utdanning på dette fagfeltet, der utviklinga den siste tida har vore rivande og der samfunnsdebatten går høgt.

forskarar i samtale
Professor Rajendra Akerkar arrangerte langt på veg heile SAIDD 2023 i Sogndal. Her i samtale med ein av innleggshaldarane.

I Sogndal venta to dagar med innlegg, panelsamtalar og diskusjonar for dei langvegsfarande deltakarane frå USA, Italia, Canada, Japan, India, Kina, Ukraina, Nederland, Slovenia, Tsjekkia, Storbritannia og Noreg. Om lag halvparten var inviterte forskarar som kom for å utveksle forskingsresultat, kunnskap og synspunkt, rekrutterte via Rajendra Akerkar sitt nettverk, bygd opp gjennom fleire år med internasjonale prosjekt knytt til stordata og kunstig intelligens.

– I tillegg hadde vi med deltakarar frå både politiet, offentleg forvalting og helsesektoren, opplyser Akerkar.

Midt i ein digital revolusjon

Det er tett mellom dei store nyheitsoppslaga om kunstig intelligens, og den gjengse oppfatninga blant ekspertane på konferansen er at verda står midt i ei digital omvelting som vil merkast i kvardagen vår i form av nye verktøy, system og tenester.

Slik Akerkar ser det, handlar omveltinga lite om stadig meir avanserte språkmodellar, som ChatGPT, men heller om korleis samfunnet best kan utnytte kunstig intelligens og store datamengder til å løyse store samfunnsutfordringar, til dømes når det gjeld samfunnsberedskap eller hatprat på nettet.

Risiko for diskriminering

Symposiet SAIDD 2023 strekte seg over to dagar, der den første dagen var sett av til aktuelle tema i skjeringspunktet mellom forsking og samfunn. Den norske KI-utviklaren Trym Holter, med fartstid i IKT-selskap som utviklar kunstig intelligens, gav deltakarane eit oversiktsbilete over kor dei nordiske landa står i å utvikle og ta i bruk kunstig intelligens.

Offentleg sektor i Noreg har til dømes teke dei første, spede stega mot å innlemme kunstig intelligens i tenester og sakshandsaming. Hilde G. Corneliussen, forskingsleiar i teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking, la fram ferske forskingsresultat frå ein studie Vestlandsforsking har gjort saman med Rambøll Consulting. Oppdraget frå Bufdir gjekk ut på å kartlegge bruken av kunstig intelligens i offentleg sektor. Prosjektet hadde særlig merksemd på kunstig intelligens som involverer persondata , og som dermed inneber ei mogleg risiko for å diskriminere ulike grupper i samfunnet.

jasmien
Frå hovudinnlegget til belgiske Jasmien César i Mastercard om lovregulering av kunstig intelligens i EU. Sesjonen var leia av Vadim Ermolayev frå Ukrainian Catholic University, synleg til venstre. I midten: stipendiat Bjørn Christian Weinbach frå Vestlandsforsking. Symposiet hadde til saman 42 konferansebidrag: 12 av desse var forskningsnotat, 18 var korte konferanseinnlegg og seks var hovudinnlegg. (Foto: Mark Smitham)

Av dei 200 institusjonane som svarde på spørjeundersøkinga, hadde 28 prosent planar om å ta i bruk KI, eller var i gang med prosjekt der KI alt var i bruk. Forskarane bak rapporten åtvarar om at det alltid er ein mogleg risiko for diskriminering når persondata er involvert, rett og slett fordi data frå samfunnet speglar diskriminering i samfunnet. Likevel meiner berre 3 prosent av alle som svara på undersøkinga at bruk av kunstig intelligens vil auke risikoen for diskriminering.

– Samla sett er biletet at dette er eit umodent felt i offentleg sektor, særleg når vi stiller spørsmål om diskriminering, seier Corneliussen.

Studien viste at det generelt var lite medvit om faren for at kunstig intelligens gjenskapar diskriminering som skjuler seg i data som går inn i modellane.

 – Diskriminering kan ikkje vere ein refleksjon ein legg til på slutten, seier ho.

Les rapporten her

Les meir: «Kunstig intelligens flaskes opp på gamle, kjønnskonservative data», frå nettstaden kjonnsforskning.no 9.5. 

Trygg og ansvarleg bruk

At kunstig intelligens bør brukast med stor varsemd, var eit viktig gjennomgangstema på symposiet 9. og 10. mai. Mellom anna snakka professor Virginia Dignum frå Umeå universitet om ansvarleg kunstig intelligens, eit forskingsområde der kjernen nettopp er regulering av teknologien. Lovgjevinga heng etter akkurat no, men eit nytt lovverk er på trappene i EU. Då juristen Jasmien César frå MasterCard Belgia stod på podiet, gav ho eit overblikk over biletet på verdsbasis. Det blir jobba på spreng med både lovverk og utgreiingar over store delar av verda no om dagen. Både Kina, Russland, Brasil, USA og Canada er langt framme i løypa når det gjeld lovforslag.

forskarar frå NLA
Torborg Igland og Carol Azungi Dralega frå NLA Høgskolen forskar på korleis ein kan bruke kunstig intelligens til å motverke netthat i samarbeid med Rajendra Akerkar og andre. (Foto: Albertine Aaberge)

På den andre dagen av symposiet, som hadde eit smalare og meir vitskapleg fokus, snakka amerikanske Kathleen Carley frå Carnegie Mellon University om «sosial cybersikkerheit», eit omgrep ho sjølv har lansert. Kort fortalt, medan cybersikkerheti handlar om korleis maskiner blir hacka, handlar «social cybersikkerheit» om korleis menneske blir hacka gjennom digitale medium.

– Carley er sentral når det gjeld hatprat og netthets, som vi utviklar verktøy for å stoppe gjennom forskingsprosjektet SOCYTI, seier Akerkar.

– Mennesket må alltid stå i fokus

Blant deltakarane som er med i dette 19-millionarsprosjektet, der målet er å forstå netthat og utvikle eit KI-verktøy for å bekjempe det, er Torborg Igland. Ho er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen i Kristiansand, og tykte at programmet på symposiet var svært aktuelt:

– Utviklinga skjer så fort, men det er svært inspirerande å oppleve at ulike fagområde jobbar i lag for å sikre etisk robuste verktøy innan kunstig intelligens, der mennesket kontrollerer teknologien og ikkje motsett. For eksempel må verktøyet vere transparent, slik at folk ser kor informasjon kjem frå og korleis den er skapt.

Kollegaen hennar ved NLA og i SOCYTI-prosjektet, førsteamanuensis Carol Azungi Dralega, tykte symposiet lukkast i å få fram at kunstig intelligens er ein enorm maktfaktor i samfunnet.

– Det eg tek med meg heim, er særleg tanken om at nøkkelaktørane i både politikk, akademia og næringsliv må halde fast på ei tilnærming til kunstig intelligens der etikk, inkludering og mennesket alltid står i fokus, seier Dralega.

Samfunnet må prioritere forsking

Sjølv om kunstig intelligens får mykje negativ omtale i media og fagfolk har tek til orde for ein tenkepause, er professor Rajendra Akerkar oppteken av å framheve kor store mogelegheitene trass alt er for å ta i bruk kunstig intelligens og stordata i alt frå vitskap til økonomi og samfunnsstyring, til beste for samfunnet.

– Kunstig intelligens kan setje fart på digitaliseringsprosessane i offentleg og privat sektor, med store følgjer for økonomien og måten vi møter samfunnsutfordringar på, både regionalt, på nasjonalt nivå og internasjonalt, seier han.

Men om ein ønskjer å realisere det økonomiske potensialet som ligg i desse såkalla «disruptive» teknologiane, må samfunnet prioritere forsking og innovasjon høgt og byggje på det grunnlaget ein har, meiner Akerkar.

– Nye utfordringar og prospekt krev ny teori, beste praksis og system. Alt dette må utviklast vidare, delast og diskuterast av eit breitt spekter av interessentar. På SAIDD fekk vi samla leiande forskarar, politiske ekspertar og praktikarar for å fremje ei djupare forståing av desse aspekta.

Les utvalde artiklar frå symposiet

 

bøyabreen
Den første konferansedagen baud på ein busstur til Bøyabreen i Fjærland og middag på Walaker Hotel i Solvorn (Foto: Mark Smitham)