Stipendiatar frå USA og India på sommaropphald

Rajendra og gjestestipendiatar
Rupendra, Rajendra, Christopher og My-Thu på Campus Sogndal i nydeleg maivêr. Rajendra er vertskap for dei tre stipendiatane, som vanlegvis held til ved universitet i India og USA. Foto: Idun A. Husabø

I sommar er Vestlandsforsking vertskap for tre doktorgradsstipendiatar frå USA og India med faglege koplingar til teknologi- og samfunnsforskinga ved instituttet. Dei tre bringer òg med seg spennande innsikt i tema som arsen i risdyrking, kva pandemien gjorde med handlevanar i California og skogbrann i indiske tigerreservat. – Vi utvekslar erfaring og lærer av kvarandre, seier leiande seniorforskar Rajendra Akerkar.

– Vi er i gang med å setje oss inn i kva slags forsking som er blitt gjort i Norge på felta våre og kva som ikkje er dekt, fortel ein av dei tre stipendiatane. Med kvar sine faglege spesialitetar har dei tre internasjonale gjestene planar om eit felles prosjekt under opphaldet i Sogndal. Det blir anten knytt til transport eller landbruk.

– Først må vi finne ut kva forskingsspørsmål vi kan finne svar på med dei datasetta vi har tilgang på.

Undervegs blir det truleg samarbeid med to av forskarane ved teknologi- og samfunnsgruppa, stipendiat Bjørn Christian Weinbach, forskar Dante Della Vella og seniorforskar Malin Waage.

Internasjonalt nettverk

For eitt år sidan samla Rajendra Akerkar fagfolk innan kunstig intelligens og stordata til eit større symposium i Sogndal. Det er dette nettverket som er utgangspunkt for at akkurat desse stipendiatane har fått sjansen til å besøke Vestlandsforsking i to månader:

– Rettleiarane til dei tre stipendiatane var blant fagfolka som deltok på fjorårets symposium, forklarer Rajendra.

Midlane til å dekke gjesteopphalda kjem frå det fleirårige prosjektet INTPART DTRF, som har som mål å stimulere til utveksling og kunnskapsdeling mellom fagmiljø i USA, India, Kina, Japan og Noreg. DTRF-prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd.

Utforskar miljøproblem med ny teknologi

To av gjestestipendiatane er del av eit doktorgradsprogram i geografi ved San Diego State University og UC Santa Barbara i California. Vietnamesiske My-Thu Tran og amerikanske Christopher Swindell har kvar sin spesialitet. My-Thu utforskar eit kjent miljøproblem, opphoping av arsenikk i rismarker, med ein ny kombinasjon av GIS og andre metodar. Ho undersøker korleis det fungerer å kombinere data frå satelittar og feltkamera, miljødata, spørjeundersøkingar til hushald og urinprøvar frå risbønder.

– Ho vil nok ikkje seie det sjølv, men ho er heilt rå på GIS, skyt studiekamerat Christopher inn.

My-Thu har òg jobba med eit miljøproblem som er relevant for Vestlandsforsking sine klima- og miljøforskarar: at urbane område blir mykje varmare enn omlandet sitt (urban heat island-effekten). Forskinga tok utgangspunkt i nedstenginga under pandemien og gjekk ut på å undersøke om trafikknedgangen bidrog til å senke temperaturen på bakkenivå, slik dei trudde.

– Nedstenginga var ein unntaksperiode som er gull verdt for forsking, seier Christopher og My-Thu.

Undersøker om nedstenginga endra vanar

For Christopher, som òg er geograf, er modellering det heilt store, og han er i ferd med å setje seg inn i detaljane i korleis kunstig intelligens fungerer. Noko av det som pirrar han fagleg, er kvifor ein bestemt modell gir det svaret den gjer.

Heime i California har han sett mykje på transportsektoren og samanlikna folk si åtferd før og etter pandemien.

– Under nedstenginga handla folk klede og andre varer på nettet, men no står vi fritt til å gå i butikkar att. Likevel gjer vi det ikkje i same grad som før i alle sektorar, og vi ser til dømes at mange kjøpesenter slit. Folk ser ut til å ha landa på eit nivå midt imellom før og under covid, seier Christopher.

Han tykkjer det er spennande korleis politikk kan påverke måten vi oppfører oss på og dytte innbyggarane i ei viss retning, og har difor glede av data frå før, under og etter pandemien.

– Covid-19 var eit ekstrem-eksempel på innføring av ny politikk, seier han.

Raskare skogbrann-alarm

Stipendiaten frå Indore i India, Rupendra Pratap Singh Hada, jobbar med eit pilotprosjekt innan datavitskap. Av alle ting kan studien han er med i, gjere det tryggare å vere tiger i India. Demonstrasjonsprosjektet er lagt til reservatet Melghat i det sentrale India, der det ofte bryt ut skogbrann.

– I dag finn ein gjerne ut at det har vore skogbrann i reservatet etter nokre dagar. Med teknologien vi testar ut, kan brannane oppdagast i løpet av få sekund, seier Rupendra.

Teknologien han snakkar om er nettverk av trådlause sensorar som ein kan plassere rundt i terrenget. Data frå sensorane blir samla i ein basestasjon. Forskarane brukar algoritmar til å finne ut akkurat kor brannane startar, og her ligg det kunnskap samfunnet treng i mange sektorar:

– Lokaliseringsproblematikken kan til dømes overførast til transportsektoren, seier Rupendra.

Elskar vêret

Ingen av dei tre har vore i Noreg før, og både Rupendra og Christopher trekker fram transportsystemet som svært velfungerande og rimeleg og nordmenn på gata som imøtekomande og hjelpsame.

Rajendra og stipendiatar på tur
Rajendra Akerkar har budd i Sogndal og lært seg å like turgåing. Her er det indisk-amerikanske følgjet på Åberge over Sogndalsfjøra. Foto: Christopher Swindell

Sola har dessutan skine frå skyfri himmel sidan dei kom til Sogndal.

– I love the weather here, strålte My-Thu den første veka, men merka kanskje at enkelte av dei innfødde reagerte med skeive smil. Uansett skapte det uvanleg varme mai-vêret ei perfekt ramme for å utforske naturen rundt Sogndal med Rajendra, som etter 15 år i Sogndal er blitt glad i fjelltur.

– Det er utruleg å ha fjell på alle kantar. Utsikta er fantastisk, og vi har sett folk symje i fjorden og klappa sauer, oppsummerer Christopher. Dei tre fekk òg med seg sjampanjefrukost på Studentheimen og 17. mai-feiring i sentrum av Sogndal.

Rajendra er nøgd med å ha gjestestipendiatar i sommar og håpar på meir samarbeid når dei tre er ferdige med doktorgradane sine.

– Å ha besøk av gjesteforskarar er eit stort gode. Vi lærer av kvarandre og utvekslar erfaringar, dei får treffe andre ved instituttet og oppleve kultur og natur. Og så finst det alltid eit potensial for å samarbeide i framtida.