Førebygging av toksiske effektar av klimaendringar på Vestlandet

Klimaendringar vil påverke samfunnet vårt og levevilkåra i naturen på ulike måtar. Nyare forsking har vist at klimaendringane kan auke spreiing av og forsterke effekten av miljøgifter. Denne nye kunnskapen har så langt fått lite innverknad på lokal miljøforvaltning og klimatilpassingsarbeid. Forprosjektet TOKSKLIM ynskjer å sjå nærare på dette. Overordna mål med forprosjektet er å auke kunnskapsgrunnlaget om lokale miljøgiftkjelder og effektar av klimaendringar på spreiing og toksisitet av miljøgifter frå desse kjeldene, og finne ut kva strategiar og verktøy som lokal og regional miljø- og klimaforvaltning treng for å førebyggje risikoen for auka ureining i eit endra klima.

Forprosjektet har følgjande delmål:

  • Lage ei kunnskapsoppsummering om mekanismane bak spreiing og endring i toksisitet av prioriterte miljøgifter som følgje av klimaendringar
  • Gjere ei breiddekartlegging av kommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland, og finne ut om kunnskap, kompetanse og forvaltningspraksis er tilstrekkeleg for å hindre ny tilførsel av miljøgifter i dagens og i eit endra klima
  • Gjennomføre ein djupneanalyse av utvalde pilotkommunar og lage ei kartbasert framvising av miljøgiftkjelder med ein tilhøyrande risikoanalyse for fare for auka ureining og spreiing av miljøgifter frå lokalitetane i eit endra klima
  • Gjennomføre fagsamlingar/kurs med kommunane i begge fylka
  • Utforme ein eller fleire søknader om hovudprosjekt til RFF Vest eller NFR sitt Miljøforsk- eller Klimaforsk-program

Forprosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland, og er delfinansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet.

I media:

Youtube - Webinar om forurenset grunn og klimaendringer av Torunn Hønsi, 05.03.2019

Miljøgifter på avvege i alle kommunar, forskning.no 08.11.2017

Manglar oversikt over kjelder til miljøgift, NRK Sogn og Fjordane 10.11.2017

Våtare klima kan sette fri gamle miljøsynder, Nationen 07.11.2017

Manglende oversikt over miljøgifter kan få store konsekvenser i nær fremtid, BT 22.11.2017

Miljøgifter på avvege i Flora? Firdaposten 01.12.2017

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionalt forskingsfond Vestlandet
Prosjektnummer:
6426
Prosjektleiar:
Seniorforskar og gruppeleiar Teksam
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • Portrett av Torunn G. Hønsi, gruppeleiar ved Vestlandsforsking

    Giftstoff og verknaden av dei har følgt Torunn G. Hønsi gjennom heile yrkeslivet. Nyleg vart øko-toksikologen gruppeleiar for teknologi- og samfunnsforskarane ved Vestlandsforsking. Ho gler seg til å lage nye koplingar mellom områda miljø og teknologi.

  • Forskar tek vasspøve

    Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Vestlandsforsking får 2,9 millionar kroner av Regionalt forskingsfond vest til å utvikle nye forvaltingsverktøy for å kartleggje og vurdere korleis klimaendringane leier til spreiing av miljøgifter i elvane, vatna og fjordane våre.

  • Aktuelt
    ""

    Ingen har oversikt over dei små og mellomstore giftlagera som finst i alle norske kommunar. Med meir nedbør, flaum og skred fryktar forskarar at gifta blir spreidd ut i naturen.

  • Aktuelt
    ""

    Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland har fått støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet til eit nytt forprosjekt. Prosjektet skal auke kunnskap om lokale miljøgiftkjelder, korleis klimaendringar kan påverke spreiing av miljøgifter frå desse kjeldene og kva miljøforvaltninga kan gjere for å førebyggje slik skade.